Snorres Edda i ein islandsk tekst frå 1666. Framsida viser Odin (øvst i midten) med ramnane Hugin og Munin på kvar si side. På venstre side er hammaren Mjølner, guden Heimdall med Gjallarhornet og hesten Sleipner. På høgre side viser illustrasjonane kua Audhumbla og Fenrisulven. Nedst i midten er Valhall.

Snorres Edda er ei islandsk lærebok i skaldskap frå mellomalderen. Skaldskap er norrøne dikt. Snorres Edda vart skriven omkring år 1220 av Snorre Sturlason. Boka har fått namn etter han.

Boka finst i fleire handskrivne tekstar, kalla manuskript.

Verket

Verket vert òg kalla Den yngre Edda. Dette for å skilje det frå eit anna verk frå same periode. Det andre verket heiter Den eldre Edda.Dette er ei norrøn samling av dikt om gudar og heltar, med ukjend forfattar. Lenge trudde ein Den eldre Edda var eldst.

Lærebøker i dikting var vanlege i Europa på Snorres tid. Snorres Edda er ei hovudkjelde til kunnskap om norrøn mytologi og om den norrøne måten å dikte på.

Innhald

Verket inneheld eit forord og deretter tre delar.

I forordet fortel Snorre om Guds skaping av verda. Han skriv om Adam og Eva og om Noas ark. Han skriv òg om dei tre kontinentajorda som ein til då visste om: Afrika, Europa og Asia. Der står det òg at dei før-kristne gudane eigentleg nedstamma frå heltar frå Asia.

Etter forordet kjem ein del som heiter Gylvaginning. Denne delen handlar om kongen Gylve. Han får eit syn der han kan sjå noko av alt det spanande og merkelege som dei norrøne gudane held på med. Han ser for eksempel Tors reise til Utgard, Tor som fiskar Midgardsormen, Balders død og ragnarok.

Andre del av Snorres Edda heiter «Skaldskaparmål». Det tyder «diktekunstens språk». Her skriv Snorre meir om gudane og viser korleis ein kan lage skaldedikt ved å bruke mytologiske symbol og avanserte metaforar i språket.

Tredje del av Snorres Edda heiter «Håttatal». Her viser Snorre eksempel på dei norrøne versemåla. Denne delen er også ei hyllest til to norske stormenn: kong Håkon Håkonsson og Skule jarl. Dei levde samstundes med Snorre.

Håttatal er særs vanskeleg å omsetje til moderne norsk, for både rim, rytme og tyding heng nøye saman med det norrøne språket.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Hilde Bliksrud
Ph.d. ; Det Norske Akademis ordbok