agurk
Agurk toler ikkje kulde og må ha det varmt for å vekse og lage frukt. Difor blir agurkar dyrka i drivhus i Noreg. Den gule dusken på enden av agurken er restane etter blomen.
Bruk
Agurk kjem opprinneleg frå India. Raita er ein indisk dressing med agurk og yoghurt. Det er vanleg å servere han saman med krydra og sterk mat.
I Noreg er det vanleg å leggje tynne agurkskiver i ei blanding av eddik og sukker. Dette blir kalla agurksalat, og blir ofte servert saman med feit fisk som laks og makrell. Det er òg populært å skjere agurk i lange stavar og ete dei med rømme eller dipp.
I Hellas er tzatziki ein rett med raspa agurk, som er blanda med yoghurt og kvitlauk. Agurk blir òg brukt i gresk salat.
I Mexico har ein ofte små agurkbitar til taco.
Små agurkar blir ofte brukte til å lage sylteagurk. Då ligg agurken nokre veker i eddik, salt, sukker og krydder. Sylteagurk smaker surt, og blir ofte eten på leverpostei eller saman med kaldt kjøtpålegg. Syltinga gjer at agurken kan oppbevarast i lang tid.
Beskriving
Agurkplanten er ein slyngplante med gule blomar, og blomen blir til ein agurk.
Det finst mange typar agurkar. Dei minste er berre eit par centimeter lange, medan slangeagurk kan bli ein halv meter. Agurkane i matbutikken er ganske rette. Om du dyrkar dei sjølv, kan dei like gjerne bli bøygde.
Agurkar toler ikkje kulde, så dei veks ofte i drivhus. Agurk er i slekt med graskar. Ifylgje botanikken er agurk eigentleg eit bær, fordi frøa er på innsida.
Næringsinnhald
Agurk inneheld nesten berre vatn, 95 prosent. Men sidan agurken òg inneheld fiber, er ikkje agurken blaut, men sprø og knasande.
Historie
Agurken kjem frå India, der han har vore ei vanleg matvare i over 3000 år. Han kom til Noreg på 1600-talet.
Agurknytt
Når det er sumarferie, har avisene ofte lite å skrive om. Då skriv dei ofte om morosame ting som ikkje er så veldig viktige. Slike nyheiter blir kalla agurknytt.