foto av ei nøtt som heng på kvist med mange blad

Frøet til eiketrea ligg godt beskytta under eit hardt skal. Frøa blir spreidde med fuglar og andre dyr som tek med seg eikenøttene.

Foto av eikenøtt og blad
Lisens: CC BY SA 3.0

Eikeskog er skog der det er mest av eiketre. Eiketrea treng lange sumrar og mykje varme. Eikeskogar finst difor berre lengst sør i Noreg, langs kysten frå Oslofjorden til Nordmøre.

Beskriving

tre utan blad og grøne, små blad som veks på bakken

Mykje av eikeskogane i Noreg har kome opp som stubbeskot. Når dei store trea blir hogde, set eika skot frå stubben som blir til nye tre. Dei gule blomane på marka er vårkål. Vårkål blomstrar om våren før blada til eika dekkjer for sollyset.

Foto av eik fra stubbeskudd og vårkål.
Lisens: CC BY SA 3.0

Under eiketrea veks ofte buskar som hassel, kristtorn og vivendel. Det er også vanleg at bergflette (eføy) veks oppover langs stammane til eiketrea. På skogbotnen finst blåbær og blomar som gaukesyre, kvitveis og vårkål. Visne eikeblad frå førre år dekkjer marka. Eik får blad ganske seint ut på våren, dimed er det mykje sollys til andre plantar på bakken.

Eiketrea lagar nøtter for å formeire seg. Inne i nøttene ligg frøet trygt gøymt og ventar på ein sjanse til å spire. Nøttene blir spreidde med ekorn og fuglar, særleg nøtteskrike. Om nøttene hamnar i god jord, vil dei spire, og slik blir ny eikeskog til.

I eikeskogane finst både elg, hjort og rådyr. Desse et blada til små plantar av eik.

Gamle eiketre

busk med mange blad som veks inntil ei trestamme

Kristtorn er ein busk som gjerne blir brukt til å pynte med, særleg til jul. Kristtorn er vanleg i eikeskogane langs kysten i sør.

Foto av eikeskog med kristtorn
Lisens: CC BY SA 3.0

Veden i eik er svært hard og borken inneheld eit stoff som heiter garvesyre. Dette gjer at eiketrea ikkje så lett blir angripne av insekt eller sjukdomar. Eiketrea kan difor bli gamle. Gamle eiketre er ofte hole innvendig fordi veden i midten har rotna. Slike tre er levestad for mange sjeldne artar av soppar og insekt. Meir enn 1 500 ulike artar er funne her. Innhola eiketre er difor verna etter naturmangfaldlova.

Eikeskog er sjeldan

Eikeskogar med gamle eiker er sjeldne i Noreg. Tømmer av eik har vore brukt til mykje. Til bygging av båtar var det eik som vart mest brukt. I tida frå 1400-talet til fyrst på 1900-talet, vart det bygd mange seglskip. Denne tida kallast seglskutetida. Då gjekk det hardt ut over eikeskogane på Sørlandet. Mesteparten av dei store eiketrea vart hogde.

Eika har ein eigenskap som gjorde at eikeskogane likevel overlevde. Trea set nye skot frå stubben til det hogne treet. Desse blir til nye eiketre. Dei norske eikeskogane er for det meste komne opp frå slike stubbeskot.

Historie

Eikeskogane overlevde siste istid sør i Europa og kom til Noreg for rundt 7 000 år sidan. I ein periode med varmare klima (5500–500 fvt.) var eikeskogane meir utbreidde enn i dag. No blir det hogd lite eik. Med klimaendringar trur ein at eikeskogane igjen vil spreie seg. Til dømes i Agder og Telemark spreier eikeskogane seg. Der vinn eika over både gran og furu.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

John Magne Grindeland
Førsteamanuensis i naturfag; dr.scient.; NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet