Kristendomen byggjer på mange av dei same forteljingane om englar som finst i jødedomen.
I Det nye testamentet blir englar skildra som sendebod frå Gud. Dei kan òg vere vernande skytsenglar og tenarar i himmelen. Ifølge evangelia snakka Jesus om englar fleire gonger.
Namnet til to av englane blir nemnde i Det nye testamentet:
- Gabriel, som fortel Maria at ho skal føde sonen til Gud.
- Mikael, som kjempar mot djevelen.
I Det nye testamentet står det at englane har ei viktig rolle når Jesus kjem tilbake til jorda. Dei skal varsle at han kjem, og fortelje kva som skal skje med menneska. Ifølge nokre tekstar skal dei òg straffe dei som ikkje har følgt Guds vilje.