Faktaboks

Også kjend som

livredning

Førstehjelp er hjelp når nokon har blitt plutseleg sjuke eller skadd. Målet med førstehjelp er å halde den skadde eller sjuke personen i live, fram til det kjem ein ambulanse. Førstehjelp er viktig og kan redde liv.

Nødnummeret for å få tak i ambulanse er 113.

Førstehjelp blir gjeve av personar som er i nærleiken til den som blir skadd eller sjuk. Alle bør kunne førstehjelp, slik at dei kan hjelpe andre når det trengst.

Slik går ein fram

For å sikre fri luftveg, løftar ein haka fram. Då passar ein på at tunga ikkje blokkerer luftvegane.

Frie luftvegar
Av /Copyright Lærdal Medical AS..

Stabilt sideleie: Personen ligg på sida, med hovudet litt bakover. Slik blir det lett å puste. Den eine armen ligg bøygd, slik at handa ligg under hovudet. Den andre armen ligg rett ut, framover sida, slik at personen ikkje veltar. Det eine beinet ligg rett. Det andre beinet er bøygd framover, for å halde balansen.

Illustrasjon av stabilt sideleie
Av /Lærdal Medical.

Slik er det vanleg å gje førstehjelp:

1. Kontroller om området er trygt. Det er viktig å gjere staden trygg, slik at ikkje fleire blir skadde.

2. Ring 113. Dette er nødnummeret til ambulansen. Ambulansen gjev råd om kva ein skal gjere. Ambulansen sender òg varsel vidare til politi eller brannvesen, om det trengst.

3. Sjekk om den skadde eller sjuke personen pustar normalt. For å finne ut om personen pustar, kan ein sjå, lytte eller føle etter pust. Det kan ta ti sekund å avgjere om nokon pustar. Om personen pustar, skal ein overvake pusten og eventuelt legge personen i det som heiter stabilt sideleie.

Om personen ikkje pustar, må ein prøve å få i gang pusten att. Først kan ein løfte haka litt fram. Då sikrar ein at luftvegane er frie. Det gjer det vanlegvis lettare å puste att.

Om personen framleis ikkje pustar, etter at ein har prøvd å opne luftvegen, må ein starte hjarte-lunge-redning.

4. Om den skadde blør mykje, må ein prøve å stoppe blodet. Dette gjer ein ved å presse på såret. Om ein har bandasje, kan ein bruke han til å legge press.

5. Pass på at den skadde eller sjuke personen ikkje blir kald. Bruk klede eller pledd til å leggje over personen.

6. Prøv å hindre meir smerte og ubehag. Om personen har sår, kan ein dekke det til. Om personen har brote noko, kan ein prøve å halde brotet roleg. Når brotet beveger seg mindre, gjer det mindre vondt. Ein kan til dømes leggje ein arm i fatle eller spjelke eit bein.

Punkt 1–4 er dei aller viktigaste.

Mål

Målet med førstehjelp er å halde den skadde eller sjuke personen i live.

Eit anna viktig mål med førstehjelp er å hjelpe til, så den som er sjuk eller skadd har mindre vondt. Ein bør òg hindre at skaden eller sjukdommen blir verre. Å trøyste og roe ned den skadde eller sjuke er òg viktig.

For å redde liv, er det òg viktig å kunne kjenne att symptom på farleg sjukdom. Dette gjeld særleg hjerneslag og hjarteinfarkt.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Erlend Hem
Professor i medisin, Universitetet i Oslo