Faktaboks

Også kjend som

runddans

Masurka er ein dans som kjem frå Polen.
Foto, folkedansgruppa Lodz i Polen, 2015
Av /Shutterstock.
Maleri som viser dansere kledt i klær fra slutten av 1800-tallet. I bakgrunnen ser man musikere på podiet som spiller fioliner.
Vals var den første viktige av runddansane. Måleriet viser vals i Tyskland på slutten av 1800-talet.
Maleri, runddans.
Av .

Gammaldans er folkedans som blir dansa i par. Det vil seie at ein dansar saman med ein partnar. Vals, polka, reinlender og masurka er eksempel på gammaldansar.

Namnet gammaldans blir brukt både om dansestilen og om musikken ein dansar til.

Kjenneteikn

I gammaldans dansar ofte mange par saman. Para beveger seg etter kvarandre i ein sirkel rundt i rommet. Samtundes dansar kvart enkelt par rundt si eiga akse. Det betyr at dei to i paret snurrar rundt og rundt saman. Dette er nok grunnane til at gammaldans først fekk namnet runddans.

For mange er gammaldans ein sosial danseform. Det betyr at ein dansar for å ha det moro saman med andre. Ein kan også konkurrere i gammaldans, for eksempel på Landsfestivalen.

Typar

Det er fleire kjende typar gammaldans:

Vals er ein dans og musikkform som oppsto seint på 1700-talet. Vals blir dansa i tredelt takt. Takt er rytmen i musikken og seier korleis ein tel når ein dansar. I vals tel ein «ein-to-tre, ein-to-tre». Vals er både ein kjend selskapsdans og ein folkedans.

Polka er ein livleg og rask dans som først blei kjend i Tsjekkia rundt 1830. Polka blir dansa i ein todelt takt, der ein tel «ein-og-to, ein-og-to». Sjølve polkasteget er tre raske steg og eit hink. Paret snur ein halv runde for kvart polkasteg.

Reinlender er ein dans i ein roleg, todelt takt. Namnet tyder på at dansen kjem frå Rhinland i Tyskland. Den vanlegaste forma for reinlender i Norge har to delar. I første del dansar paret framover side om side, og i andre del snurrar dei rundt kvarandre.

Masurka er ein dans med hoppande steg i tredelt takt. I den vanlegaste forma for masurka i Norge dansar ein først sidelengs medan paret held rundt kvarandre. Av og til byter dei plass med tre gåsteg. I masurka kan ein òg snurre rundt. Paret veksler mellom å danse sidelengs, byte plass og snurre rundt.

Musikk

Gammaldans blir dansa til ein type folkemusikk. Vanlege instrument er for eksempel trekkspel, fele og gitar.

Nokre av melodiane er gamle folketonar. Andre er nyare, men laga i same stil.

Historie

Gammaldansane kom til Noreg tidleg på 1800-talet frå land som Tyskland, Tsjekkia, Austerrike og Polen. På den tida var dei moderne og populære selskapsdansar.

Frå omkring 1960 starta folk fleire foreiningar for å ta vare på dei gamle dansane og lære dei bort til fleire. Derfor vart desse dansane kalla gammaldans.

Gammaldans er framleis ein sosial form for dans. Det er ofte dansefestar og festivalar med gammaldans i heile Noreg.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Elizabeth Svarstad