Thingnes Bø holder skiene og stavene i den ene hånda og vinker med den andre. Lua hans har det norske flagget og logoen til banken DNB. På trøya er det startnummer 28 og logoen til bilmerket BMW.

Idrettsutøvarar er som regel avhengige av sponsorar for å kunne bruke nok tid på idretten sin. Ofte har dei reklame for sponsorane på kleda sine i byte. Biletet viser skiskyttaren Johannes Thingnes Bø etter at han vann gull i sprint under VM i Skiskyting 2019 i Östersund i Sverige. På lua og trøya har han logoar frå sponsorar.

Av /Scanpix.

Sponsor er ei bedrift eller ein person som gir pengar til eit idrettslag, eit tv-program, eit arrangement eller liknande. Å gi pengar på denne måten blir kalla å sponse. Pengane kallast ofte sponsormiddel.

Når staten eller kommunen gir pengar, blir det heller kalla stønad eller tilskot.

Ofte får sponsoren ha reklame hos dei som får pengane. Det kan vere ein logo på plakatar eller klede, eller det kan vere ein liten reklame før programmet byrjar. Slik får dei kanskje selt fleire varer og tenester, eller folk får eit godt inntrykk av dei.

Mange idrettslag er heilt avhengige av pengar frå sponsorar for å kunne drive med sporten sin.

Ordet sponsor blir mest brukt om det å gi pengar til sport, tv eller kultur. Pengar som nokon gir til ein frivillig organisasjon eller eit politisk parti, blir kalla donasjon. Ein person som gir pengar til kunstnarar, slik at dei kan halde på med kunsten sin, blir kalla ein mesen.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Carina Nilstun
Leksikograf; Det Norske Akademis ordbok