I fengselet var Lars Hætta òg oppteke av misjonspresten Nils Stockfleths omsetjing av Det nye testamentet til nordsamisk. Friis hadde i 1851 fått spørsmål frå Bibelselskapet om å revidere henne. Lars Hætta vart engasjert i revisjonsarbeidet og kom til å utføre det meste av oppgåva under leiing og tilsyn av Friis.
I 1863 søkte Friis og professor Ludvig Daae om lauslating av dei fire då gjenverande samiske fangane på Akershus. Dei framheva at fangane hadde vore arbeidsame, beskjedne og livlege og hatt eit fredeleg forhold til dei andre innsette. Tre av dei vart lauslatne, og frå 1865 sat Lars Hætta åleine igjen. Ein ny søknad om benåding vart send, og i april 1867 blei han fri. Saman med Daae og Friis reiste han nordover og vart med på ein vitskapleg reise gjennom Finnmark, Kola og Nord-Karelen.
Lars Hætta heldt fram arbeidet med bibelomsetjinga òg etter at han sleppte ut av fengselet. Den reviderte omsetjinga av Det nye testamentet vart ferdig i manuskript 1869, men kom fyrst ut 1874. Neste store oppgåve var omsetjing av Det gamle testamentet. Dette arbeidet byrja han på 1869, og det var ferdig allereie fire år seinare.
I tillegg hadde Hætta andre omsetjaroppdrag i samarbeid med Friis. Bibelselskapet ynskte at også dei såkalla apokryfe skriftene skulle omsetjast. Hætta fekk oppdraget og arbeidet med dette i 1881–1885. Her hadde han nytte av vitskapsmannen Just Knud Qvigstad, som arbeidde ved Tromsø Museum. Qvigstad meinte at Hætta ikkje burde vere så sterkt bunde av den norske bibelteksten, men la den samiske språkrikdomen kome til sin fulle rett. Den teologiske kontrollen i forhold til grunntekstane kunne andre ta seg av.
Det kom likevel til å ta tid å få gjeve ut heile Bibelen på nordsamisk. Bibelselskapet hadde store økonomiske problem og makta ikkje oppgåva, og staten var lite villig til å støtte samiske utgjevingar. Løysinga vart organisasjonen Norsk Finnemisjon, som vart stifta i Tromsø 1888. Oppgåva til finnemisjonen vart å gje ut heile Bibelen på samisk og forkynne Guds ord på samisk. Det vart sett i gang innsamlingar og ofringar i kyrkjene. Endeleg i 1895, eitt år før Lars Hætta døydde, vart 1500 samiske biblar bunde inn og distribuerte. For dei apokryfe skriftene fanst det ikkje pengar til trykking, og manuskriptet forsvann, men er seinare funne igjen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.