Hyttehaug hadde vidtfamnande interesser, men det var ikkje råd til nokon skulegang. På eiga hand lærde han seg fleire språk og studera botanikk. Hyttehaug var også felespelar, og skreiv ned ca. 200 gamle slåttar. I 1847 kjøpte far hans småbruket Hyttehaugen som Hyttehaug seinare overtok. Det var eit rikt folkekunstmiljø i Budalen. Særleg kan treskjæraren John Hanson Budalsplass og sonen bilethoggaren Hans Budal ha verka inspirerande på Hyttehaug Finstilt og presis treskjæring på småsaker som beger, krus, skeier og knivskaft er typisk for Hyttehaug Ranker og bladverk dekker flatene i eit tett nettverk. Særleg var Hyttehaug kjent som blomsterteiknar.
småbruker,
treskjærer,
instrumentmaker,
tegner og
musiker
Kristoffer Larson Hyttehaug
Faktaboks
Kristoffer Larson Hyttehaug
- Fødd
- 18. september 1827, Møregg-grinda under Solemsvollen
- Død
- 23. desember 1898
- Verke
- småbruker, treskjærer, instrumentmaker, tegner, musiker
- Verkestad
- Budalen, Trøndelag
- Familie
-
Sønn av husmann, felespiller Lars Evenson Solemsvoll (født 1788) og Eli Kristoffersdotter Storrø (født 1798)
Gift i 1883 med Marit Pedersdotter Dahl
Litteratur
- Enlid, O., Dansmusikk, bryllupsskikkar og spelemenn i Budal, Gauldalsminne, 1944, s. 104-05
- Opland, E. M., i Adresseavisen, 06.02.1982, (ill.)
Nasjonalmuseet
er ein av institusjonane som står bak Store norske leksikon.