Faktaboks

Lars E. Moen
Fødd
1828, Hol
Død
5. november 1870
Verke
rosemålar
Familie

Sønn av rosemaler Elling T. Ellingsplassen

Moen lærte yrket av far sin. I ung alder var han med faren og den eldre broren Tomas på målarferder vestafjells. Seinare kom visstnok Moen i handverkarlære i Bergen. Var m.a. med og måla kyrkjer på Vestlandet. I 1859 vart han gift og kjøpte seinare småbruket Moen i Hovet, Hol. Målarhandverket var likevel hovudyrket, og det finst ei rekke med arbeid etter han både i Hardanger og i Hallingdal. Rosemålinga til Moen er prega av nyare Telemarkstil med innslag av «smøygjerosur». Den gamle hallingstilen er så godt som borte, sjølv om telerosene hans stundom vert symmetrisk ordna på hallingvis. Han førte vidare den retningen som kom til syne hjå far hans kring 1840 og utover. Moen og hans generasjon markerer sluttfasen for den eigentlege rosemålinga. Karakteristisk for denne perioden er den turre og pedantiske konturéringa og interessa for detaljar. Fargane blir skarpare, nyansane fleire og rosene skuggelagde. Det siste er ikkje alltid tilfelle hjå Moen Han varierer dette frå tid til tid. Teknikken er sikker, med skarpe konturar og nerver, men han hadde ikkje det levande strøket som dei fleste eldre.

Litteratur

  • Asker, R., Rosemalingen i Hol, Drammen og Opland Turistforenings årbok, 1944
  • Reinton, S. S., Reinton, L., Folk og fortid i Hol, Oslo, 1972, bd. 3, s. 147
  • Reinton, S. S., Reinton, L., Folk og fortid i Hol, Oslo, 1975, bd. 5, s. 197
  • Ellingsgard, N., Rosemåling i Hallingdal, Oslo, 1978, s. 271
  • Ellingsgard, N., Norsk rosemåling, Oslo, 1981, s. 134

Faktaboks

Lars E. Moen