Faktaboks

Ola Hermundson Berge
Ola Hermundson
Fødd
1768, Reinli i Valdres
Død
1825, Nord-Aurdal
Verke
rosemålar
Familie

Gift 1) i 1799 med Marit Halvorsdotter (død 1808); 2) i 1812 med Kristi Engebretsdotter

Den fyrste kona til Berge var enke på ein av Bergegardane i Vestre Slidre. Etter giftemålet nytta han alltid Berge-namnet som etternamn. I 1811 selde han Berge og flytte til Granheim i Nord-Aurdal.

I ung alder skal Berge ha fått grundig opplæring i målarfaget, visstnok både i Christiania og andre stader på Austlandet. Om han var i direkte kontakt med den ca. 30 år eldre Peder Aadnes frå Nordre Land er ikkje på det reine, men tydelegvis var Berge påverka frå den kanten. Dette kjem best tilsyne i dei kineseriinspirerte landskap som utgjer ein stor del av produksjonen hans. Men Berge fører stiliseringa lenger, og gjev tre og blomar eit sterkare ornamentalt preg. I tillegg til rokokkomotiva nytta han tilfang både frå barokk og régence. Frå 30-årsalderen må bondeyrket ha teke ein god del av tida. Likevel har han framleis hatt ein stor målarproduksjon, fordelt over heile Valdres. Det finst også større og mindre arbeid etter han i dei fleste kyrkjene i dalen. Berge er den målaren som ruvar mest i Valdres folkekunst. Han har også øvd sterk påverknad på andre rosemålarar i distriktet, både i samtid og ettertid.

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Slidredomen
  • Røn kyrkje
  • Volbu kyrkje
  • Rogne kyrkje
  • Skrautvål kyrkje
  • Aurdal kyrkje
  • Bruflat kyrkje
  • Lomen stavkyrkje

Litteratur

  • Valdres 900 årskrift, Gjøvik, 1923, s. 101
  • K. Hermundstad, Valdres Bygdebok, Gjøvik, 1964, bd. 5, s. 649

Faktaboks

Ola Hermundson Berge