Børve lærde seg målarkunsten i ung alder, truleg av Per Anderson Århus i Steinsdalen. Børve hadde si eige stove i Vikegarden, «Målarestovo», og etter tradisjonen skal han i si tid ha vore den likaste til dette handverket. Han gjekk vanlegvis under namnet «Målaren». Som dei andre av skautaskrinmålarane i Kvam måla Børve for det meste bruksting: kister, skrin, ølskantar og ambrar. Vi kjenner ikkje til at han prøvde seg på større oppgåver. Det kan vera vanskelig å skilja frå kvarandre dei ulike målarane som måla i den karakteristiske skautaskrinstilen, men det er truleg at Børve i sine seinare år la om til ein meir telemarksprega stil, etter at telemarkingane byrja å gjere seg gjeldane i Hardanger i 1820-åra.