Faktaboks

Sjugurd Olason Sørbøl
Fødd
3. mai 1827, Gol
Død
september 1898, sst.
Verke
rosemaler
Familie

Sønn av Sigri Syversdotter og Ola Larson Sørbøl

Sørbøl var den fremste og mest produktive målaren i Gol på 1800-talet. Han må ha lært rosemåling lenge før han vart vaksen, truleg av ein omreisande Valdres-målar. Målinga hans liknar ikkje den vanlege Hallingdal-stilen som vart utvikla i Ål og Hol, men ber preg av Telemarksrosa i Valdres-form. Særleg i yngre år brukte han som motiv ein tredelt plante med to utoverbøygde stenglar symmetrisk om ein loddrett i midten. Vanlegare var den asymmetriske C-rosa med små akantusblad veksande ut frå grunnstamma og ein kam av småblad saman med mindre, C-forma motslyng ut frå rota. Tredelte laukblomar på granne, elegante stenglar greiner seg opp- og utover som ytste delen av motivet, som på eit skåp på Haugo i Torpo. Etter 1860-åra fekk rosene eit stivare, meir skjematisk drag.

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • NF
  • Drammens Museum
  • Hallingdal folkemuseum, Nesbyen

Faktaboks

Sjugurd Olason Sørbøl