Faktaboks

Trond Hus
Trond Larsen Hus, Trond i Vikje
Fødd
1806, Huse, Kinsarvik
Død
1878
Verke
kistesnekker, rosemålar
Familie

Gift i 1845 med Marita Helgesdotter Kinsarvik

Far til treskjerar Lars Kinsarvik

Hus var ein gåverik ung gut og vart teken til omgangsskulelærar i 1825. Etter tradisjonen skal han ha lært rosemåling av Bjørn Bjaalid frå Telemark. Hus var husmann, og byrja som rosemålar kring 1830. I 1856 flytte Hus til Ålmerket i Kinsarvik, der han dreiv rosemålarverkstad. Hus vart truleg den som gjorde opptakten til produksjonen av solekister (kister produsert for sal), som vart eksporterte til Bergen og Stavanger med fruktjektene frå Hardanger. I verkstaden sin dreiv han med kistesnekring dei første tre månadene, og resten av året dreiv han med måling. Solekistene har ein sjablongmessig telemarksprega dekor, men Hus måla også forseggjorde kister etter tinging. Stilen til Hus er ein detaljert og presis telemarksstil, kraftigare enn hjå dei han hadde lært av. Etter 1830 kan ein stort sett rekna Hardanger meir eller mindre for ein telemarksskule. Solekistene frå Kinsarvik er spreidde utover heile Vestlandet. Ofte kan ein finne eit serienummer måla på låsbeslaget. Hardanger folkemuseum har fleire kister etter H., men det finst ingen større offentlege arbeid etter han.

Litteratur

  • Kinsarvik, L., Trond Larsson Hus, Hardanger, 1914, s. 18
  • Kloster, R., Gunnar Anfinsson Årekol. Innledende studier i Hardingmalingens historie, Bergens Museums årbok, 1944
  • Ellingsgard, N., Norsk rosemåling, Oslo, 1981, s. 198

Arkivalia

  • Brekke, N. G., Rosemåling i bygdene kring Hardangerfjorden, Universitetet i Bergen, 1968, magistergradsavhandling

Faktaboks

Trond Hus