Måleriet av «Aasgaardsreien» frå 1872 av Peter Nicolai Arbo.

Av /Nasjonalmuseet .
Lisens: CC BY 4.0

Åsgårdsreia eller oskoreia er etter norsk folketru ein larmande flokk av daudingar eller vette – gjenferd, slåsskjemper, mordarar, drukkenboltar, bedragarar, lausaktige kvinner, tusser og troll – som ved juletider for gjennom lufta på eldsprutande hestar, med Guro Rysserova (Rumpe-Guro) i spissen.

Faktaboks

Uttale

åskoræia

Etymologi
Siste leddet rei ‘ridande følge’, av norrønt reið ‘riding, ritt’. Forleddet osko- er av uvisst opphav, men forma åsgårdsrei er etter Åsgard, æsenes borg i norrøn mytologi.
Også kjend som

På nynorsk heiter det oskorei, på bokmål kan det heite både oskorei og åsgårdsrei.

Oskoreia var noko av det som folk frykta mest i jula før. Dei gjorde stor skade der dei kom. Dei drakk opp ølet og åt opp julematen, og dei førte gjerne med seg både slagsmål og drap.

Førestillingar

Oskoreia kunne rive med seg menneske på den ville ferda. Mange segner fortel om personar som brått er langt frå heimstaden sin etter å ha blitt tekne med på eit ritt gjennom lufta og sleppte ned på ein framand stad. Hestar kunne òg bli bortførte og ridde i senk av oskoreia. Då fann ein dei skumsveitte og skjelvande på stallen dagen etter.

Som vern sette ein eit stykke skarpt stål over dørene og rissa inn ein kross med krit eller tjøre. Ein la også kross over øltønnene og lagringsstader for mat, slik at ikkje oskoreia skulle stela det. Hestane fekk også kross på seg, slik at dei ikkje skulle bli stolne. Møtte ein på oskoreia ute, måtte ein kasta seg ned og leggja seg ut som eit kross på bakken.

Bakgrunn

Førestillingane om oskoreia går tilbake til førkristen tid, til myten om «den ville jakta» i germansk folketru. Den handlar om eit følgje av ånder som ikkje finn fred og jagar rundt om natta. Liknande førestellingar finst i mange variantar både i Noreg og elles i Europa. I Noreg vart denne reia kalla for julereia, juleskreia, gongfala, våsedrifta eller oskoreia.

Nokon forskarar meiner at ordet oskorei kjem av det norrøne ordet oskurligr, som betyr fæl eller skremmande. Oskoreia kan då omsetjast til «den skremmande ferda».

Den norske tradisjonen om oskoreia er samansett og fleirtydig. Fellestrekka er førestillingane om eit skramlande og støyande følgje av farlege attergangarar som kom om natta og utgjorde ein trussel for folk, særleg ved juletider (julereia).

Ei vanleg oppfatning var at oskoreia besto av daude personar som ikkje hadde gjort seg fortent til å komma til himmelen, men heller ikkje gjort seg fortent til å komma til helvete. Straffa deira vart at dei måtte ri kvilelaus på jorda.

Årsaka til at oskoreia blir knytt til juletider, kan sjåast i samanheng med trua om at alle vonde makter vart mobiliserte i julehøgtida. I kristen tradisjon hengjer dette saman med at jula var heilag og eit symbol på det beste som hadde skjedd menneskeslekta, nemleg Jesu fødsel. Som ein motpol til det gode, trudde ein derfor at alle vonde makter var aktive i jula også. Ei anna forklaring er det som er karakteristisk ved denne årstida, nemleg mørke, som gjerne blir assosiert med det uhyggjelege og farlege.

Fortolkingar i kunsten

Førestillingane om oskoreia har vore gjenstand for ulike fortolkingar i kunsten, som berre delvis følgjer tradisjonen. Ei av dei meir kjende fortolkingane finn vi i diktet «Asgaardsreien» (frå Nyere Digte, 1845) av Johan Sebastian Welhaven.

Welhavens dikt var truleg også ein viktig inspirasjon då Peter Nicolai Arbo måla biletet «Aasgaardsreien» i 1872. Måleriet blir rekna som hovudverket hans.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bø, Olav (1987): Trollmakter og godvette. Overnaturlege vesen i norsk folketru. Oslo: Det Norske Samlaget
  • Hodne, Ørnulf (2011): Mystikk og magi i norsk folketro. Oslo: Cappelen Damm
  • Hodne, Ørnulf (1995): Vetter og skrømt i norsk folketro. Oslo: Cappelen
  • Hodne, Ørnulf (1996): Jul i Norge: gamle og nye tradisjoner. Oslo: Cappelen
  • Hilde Løwe (2012): Åsgårdsreia: En studie av folkelige forestillinger på 1800- og 1900-tallet (masteroppgave). Universitetet i Oslo
  • Sivertsen, Birger (2011): Julens myter. Om overtro og tradisjoner. Oslo: Aschehoug

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg