Faktaboks

Eldrid Lunden
Fødd
5. oktober 1940, Naustdal i Sunnfjord
Verke
Lyrikar og lærar
Familie

Foreldre: Småbrukar og anleggsarbeidar Ludvik Kristoffersen Lunden (1897–1989) og Hilda Simonsdatter Indrekvam (1901–1998).

Gift 31.12.1994 med forfattar og litteraturforskar Reidar Ekner (1929–2014), son til handelsreisande Eric Ekner (1899–1978) og husmor Hjördis Ingemann-Pehrson (1899–1981).

Syster til Kåre Lunden (1930–2013).

Eldrid Lunden er ein modernistisk poet med særeiga stemme og ein av nestorane i norsk litteratur.
Eldrid Lunden
Av /Aschehoug.

Eldrid Lunden er ein norsk lyrikar, essayist og professor emerita i skjønnlitterær skrivekunst. Ho er ein modernistisk poet med ei særeiga stemme og ein av nestorane i norsk litteratur.

Som lyrikar har ho gått sin eigen veg og vore fri i høve til tidvise dominerande forfattarmiljø. I tekstane er ho assosierande med stor biletrikdom, men i dei siste bøkene er metaforbruken noko mindre synleg.

Bakgrunn

Lunden er fødd i Naustdal i Sunnfjord. Ho flytte heimanfrå som 14-åring for å begynne vidare skulegang, og etter fleire års veksling mellom skule og ulike jobbar tok ho examen artium ved Voss landsgymnas i 1961. Deretter begynte ho å studere ved Universitetet i Oslo (UiO), parallelt med at ho arbeidde som assistent ved Meteorologisk institutt. Ho blei cand.philol. ved Universitetet i Oslo 1973 med hovudfag i nordisk, der ho skreiv hovudoppgåva Kvar gjekk Nora? Individualisme og kvinnesyn i tre norske drama.

Lektor og professor

Eldrid Lunden arbeidde som lektor ved Ulsrud gymnas i Oslo fra 1973 og ved Volda lærarhøgskole frå 1976. Frå 1981 var ho amanuensis ved det nystarta forfattarstudiet ved Høgskolen i Telemark (no Universitetet i Søraust-Noreg), og frå 1996 til 2011 var ho professor i skrivekunst der.

Redaktør

I 1967–1968 var Lunden einaste kvinnelege redaksjonsmedlem i litteraturtidsskriftet Profil, der redaksjonen var kjernen i den såkalla Profilgruppa, som hadde sterk marxistisk orientering. Deltaking i denne gruppa var eit høve til å «bli sett», men ho kjende seg annleis enn dei andre og distanserte seg etter kvart frå deira politiske aktivitet.

I 1970-åra frigjorde ho seg frå dette litterære miljøet. Ho var meir inspirert av møte med filosofane Hans Skjervheim og Gunnar Skirbekk og med sosiologen Dag Østerberg. Etter det kunne ho stake ut sin eigen kurs. Seinare har ho vore medredaktør for det nordiske tidsskriftet Café Existens, konsulent på Det Norske Samlaget i ti år og ei tid medlem av Den norske Forfatterforenings litterære råd.

Forfattarskapen

Debut

Lunden debuterte som lyrikar i 1968 med f.eks. juli, der ho prøvar ut språkets mogleikar og nærmar seg det aforistiske. Debutboka er blitt omtalt som ujamn, men Lunden fekk godord fordi ho skreiv «kvinnelyrikk» på ein ny måte. Sjølv har ho kalla debutboka «ei arbeidsulukke», og ho ser på trilogien frå 1970-åra som ein ny debut.

Nyskapande poet

Lunden er ein profilert og nyskapande poet i moderne norsk lyrikk. Ho skriv knapt og tilbakehaldande, nedtona og presise dikt som er tette, men likevel med opne poetiske uttrykk. Naturoppleving, tankar, sansing og refleksjon og minne smeltar saman og blir ein måte å tenkje og erkjenne på. Poesien hennar kan lesast som ei form for utprøvande og fragmentarisk refleksjon.

Trilogien Inneringa (1975), hard, mjuk (1976) og Mammy, blue (1977) er eit høgdepunkt i forfattarskapen. Trilogien har tekstar som heng saman anten tematisk eller narrativt, gjerne som syklusar eller «suitar», men utan titlar. Her nærmar Lunden seg punktromanen, mellom anna ved at vi kan følgje same kvinnefiguren gjennom fleire av tekstane. Tematisk spelar naturen ei stor rolle, og ho prøvar ut dikotomiar av mange slag, til dømes hard–mjuk, mann–kvinne, men i motsetnad til mange feministar lagar ho ikkje noko klart skilje mellom det mannlege og det kvinnelege. Lunden ville ikkje knyte seg til den aktive kvinnerørsla i 1970-åra, men ho skreiv likevel ut frå ein medviten kvinneleg posisjon.

Ei eiga stemme

I dei første fire samlingane dreier det seg mellom anna om å finne identitet og stemme. Det etablerte språket er eit maktmiddel som styrer, definerer og sementerer. Det gjeld for poeten å skrive seg or dette, bli eit eige subjekt og gjere seg synleg i språket. Dikta set ord på dei elementa som dannar språkleg og skapande identitet, sansing av landskap, barndom og familierelasjonar, minne og gløymsle, indre kriser og eigne eksisensielle val.

Gjenkjennelsen (1982) er ei vidareføring av trilogien, men utprøvinga av språket blir tydelegare. Lunden blir resonnerande i somme av tekstane, nærmast essayistisk, når ho drøftar det positivt kvinnelege som kan føre til fundamentalt fellesskap med mannen. Dei to neste diktsamlingane, Det omvendt avhengige (1989) og Noen må ha vore her før (1990), er meir eksistensialistiske, men òg med rom for vandringar i litterære landskap som til dømes Kristiania-bohemen.

Lunden er ein lærd og intellektuell poet. I Det omvendt avhengige er tekstane filosofiske og inspirerte av moderne språkteori, psykoanalyse og dekonstruksjon. Dikta er samstundes forankra i kropp og sansing.

Dialogisk

Dikta kan ha innslag av fakta og forteljande element og går ofte i dialog med andre tekstar. I Noen må ha vore her før går ho inn i andre sine bøker og samtaler med tradisjonen. Det poetiske uttrykket er ein del av ein historisk samtale om identitet, sjølvforståing og felles erfaringar. Det intertekstuelle innslaget i Slik sett (1996) er ein dialog med Henrik Ibsen fletta inn i ein tematikk om å sjå og bli sett. Slik Sett blei nominert til Nordisk Råds litteraturpris i 1996.

I Til stades. Tekstar om erindring og gløymsle (2000) skriv ho dikt og kortprosa med utgangspunkt i refleksjonar på reiser i middelhavslanda; om stader, bygningar og kunstverk og fortidige kulturar. Her har ho teke enda eit steg lenger vekk frå det sentrallyriske. Språkets ulike sider har vore eit av fleire gjennomgangstema hos Lunden. På vegen frå det lett modernistiske i 1960-åra har hennar eige språk blitt enklare, reinare og meir gjennomlyst.

Suksessen

Eldrid Lunden er rekna for å vere ein vanskeleg og lukka poet, og posisjonen som lyrikar i nordisk toppklasse har kome gradvis. Diktsamlinga Flokken og skuggen fekk i 2005 store og positive oppslag i media som eit overtydande høgdepunkt i ein imponerande forfattarskap. Her fornyar og bearbeider ho tematikken omkring forholdet mellom sansing, tenking og språk. Yngre kollegaer, som Hanne Aga og Liv Lundberg, har kommentert henne som favorittpoet og modell og forløpar.

Prisar og heider, utval

Lunden har fått ei rekkje prisar for bøkene sine, mellom anna:

Lunden var festspeldiktar ved Festspillene i Bergen i 1994. I 2016 blei ho utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden. I 2019 blei ho nominert til Nordisk råds litteraturpris for diktsamlinga Det er berre eit spørsmål om tid.

Bibliografi

  • Det er berre eit spørsmål om tid (Lyrikk, Aschehoug, 2018)
  • Kan ein lære å bli forfattar? (Essays, Aschehoug, 2014)
  • Modernisme eller litterær populisme? (Essays, Aschehoug, 2008)
  • flokken og skuggen (Lyrikk, Aschehoug, 2005)
  • Kvifor måtte Nora gå? (Essays, Aschehoug, 2004)
  • Dikt i samling 1968–2000 (Lyrikk, Samlaget, 2001)
  • Til stades (Lyrikk, Aschehoug, 2000)
  • Slik sett (Lyrikk, Aschehoug, 1996)
  • Dikt i samling 1968–1990 (Lyrikk, Samlaget, 1991)
  • Noen må ha vore her før (Lyrikk, Samlaget, 1990)
  • Det omvendt avhengige (Lyrikk, Samlaget, 1989)
  • Dikt i utval (Lyrikk, Bokklubbens Lyrikkvenner, 1987)
  • Gjenkjennelsen (Lyrikk, Samlaget, 1982)
  • Essays (Essays, Samlaget, 1982)
  • Mammy, blue (Lyrikk, Samlaget, 1978)
  • hard, mjuk (Lyrikk, Samlaget, 1976)
  • Inneringa (Lyrikk, Samlaget, 1975)
  • f. eks. juli (Lyrikk, Samlaget, 1968)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Fosvold, A.: «De spinkle toner – sider ved Eldrid Lundens forfatterskap», i A.-M. Mai med fleire (red.): Historier om nyere nordisk litteratur og kunst, København 1999, s. 138–158
  • Hanto, Kristian Ihle (red.) og Leif Høghaug (red.),: Poetikk: Tekster til Eldrid Lunden, Oslo, 2010
  • Karlsen, Ole, red.: Store oskeflak av sol : om Paal-Helge Haugens og Eldrid Lundens forfatterskap, 1995
  • Langås, Unni: «Eldrid Lundens blå bøker» i Grønstøl, Sigrid Bø og Langås, Unni: Tanke til begjær. Nylesingar i nordisk lyrikk, 2001, s. 222–252
  • Langås, Unni: Dialog : Eldrid Lundens dikt 1968-2005, 2007
  • Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 7: Inn i medietidsalderen, 1997
  • Stegane, I.: «Ei heilt særmerkt lyrikar», i B. Fidjestøl, I. Stegane med fleire: Norsk Litteratur i tusen år, 1994, s. 639– 641
  • Aanderaa, Dag: biografi i Norsk biografisk leksikon, 2. utgåve (NBL2), bind 6, 2003

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg