Jutulhogget sett østover mot Rendalen.
Av /Anno Norsk Skogmuseum.

Jutulhogget er ein canyon i Alvdal og Rendalen kommunar, Innlandet fylke. Det vart verna som naturreservat i 1959. Juvet deler namn med Jutulhogget i Rondane.

Jutulhogget skjer seg nesten gjennom Barkaldkjølen mellom Glåmas dalføre og Tylldalen. Dei stupbratte veggene i den vestre delen har ei høgd på om lag 100 meter, lenger aust aukande til 220–240 meter. Breidda ved den øvre randa er frå 150 til 500 meter. Gjelet er 2,5 kilometer langt, og hovudretninga er vest–aust.

Jutulhogget er truleg utgrave under ei brå uttapping av ein bredemt sjø, Nedre Glåmsjø, som under avslutninga av istida fylte dei øvre delane av Østerdalen. Det er gjort utrekningar som syner at vassføringa under tappinga kan ha vore 180 000 kubikkmeter per sekund. Gjelet har sidan vori utan vassføring, men i austre enden ligg ein liten sjø utan avløp, Hoggtjønna.

Namnet knyter seg til ei segn om at det var Rendalsjutulen som hogg fjellkløfta for å føre Glåma over i Rendalen, noko han i siste liten vart hindra i av Glåmdalsjutulen, som slo han i hel. I vår tid blir for øvrig vatn frå Glåma overført i tunnel til Rendalen, sjå Rendalen kraftverk.

Kart

Jutulhogget
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg