Bygd er eit geografisk avgrensa område med spreidd busetnad som tidlegare har vore dominert av jordbruk, skogbruk eller fiske med foredlingsindustri på grunnlag av desse primærnæringane. Primærnæringane er framleis viktige i mange bygder, men industri og privat og offentleg tenesteyting har gradvis tatt over som viktigaste næringsvegar. Desse næringane har hatt størst vekst i byar og tettstader, noe som har ført til sentralisering og urbanisering. Tradisjonelt har bygder hatt eit større sosialt og kulturelt fellesskap med eigen dialekt og sterk identitet mellom innbyggarane. På grunn av eit meir mangfaldig næringsliv og gjennom inn- og utflytting, har dette fellesskapet endra seg. I mange bygder er identiteten sterk, dugnadsånda er levande og mange dialektar er i dagleg bruk. Men det er ikkje lenger slik i alle bygder at «alle kjenner alle».
På 1900-talet var ei bygd ofte det same som ein heradskommune, men gjennom omfattande kommunesamanslåingar på 1960-talet og 2020-talet omfattar kommunar på landsbygda i dag fleire bygder og bygdesentera med eitt felles kommunesenter for administrasjon, handel og servicenæringar. I internasjonal faglitteratur skil ein mellom rural («bygd») og urban («by») og omtalar forskjellen som ein glidende skala fra rural til urban.
Det finst fleire måtar å talfeste kor mange som bur i bygd og by på. Statistisk Sentralbyrå (SSB) har utvikla ein sentralitetsindeks som er basert på reisetid til arbeidsplassar og servicefunksjonar. Norske kommunar er delt inn i klassar etter sentralitet, som spenner frå dei store byane med indeks 1 til dei mest perifere bygdekommunane med indeks 6. Første januar 2025 budde 776 387 personar, eller 13,9 prosent, i dei 212 mest perifere kommunane i sentralitetsklasse 5 og 6. Ein tettstad er definert som ein stad det bur meir enn 200 menneske med mindre enn 50 meter mellom husa. Ved inngangen til 2025 budde 4 662 945 (83, 5 prosent) i tettstader i Noreg. 16,5 prosent eller 922 923 budde i spreidtbygde strok ved inngangen til 2025, mot 38,4 prosent eller 1 135 345 i 1990. Til samanlikning definerte 17 prosent seg som bygdefolk i ei undersøking frå Ruralis – Institutt for rural- og regionalforskning i 2021. Alle desse måla viser at Bygde-Noreg har vore igjennom ei sterk sentralisering og urbanisering dei siste tiåra, sjølv om det på mange område har vore ført ein aktiv politikk for bygdeutvikling.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.