edelmetall
Eigenskapar
Ein kan dele metall inn i to grupper: edle og uedle metall, avhengig av kor lett dei gir frå seg elektron. Dei fleste metalla har lett for å gi frå seg elektron og såleis reagere med andre stoff. Slike metall er «uedle». Metalla som held seg i metallform, er «edle».
Edle metall endrar seg ikkje sjølv om vi oppbevarer dei over lengre tid i fukt og oksygenrikt vatn.
Kjende edelmetall
Dei mest kjende edelmetalla er gull, sølv og platina. Desse metalla finn vi som reine stoff i naturen.
Grunnstoff som kalium, kalsium, magnesium, jern, kopar, sink og aluminium er uedle metall. Dei finst ikkje som reine metall i naturen, men som sambindingar med andre grunnstoff. Kvikksølv er eit halvedelt metall.
Gradar
Standard elektrodepotensial er eit mål for kor edelt eit metall er. Jo høgare dette potensialet er, jo edlare er metallet. Gull er det edlaste av alle metall.
Ein kan ordne metalla i periodesystemet i ei spenningsrekkje. Den viser kva metall som har størst eller minst evne til å gi frå seg elektron. Di lenger til venstre i spenningsrekkja metallet står, di lettare gir det frå seg elektron. Metalla som står lengst til høgre i spenningsrekkja, held seg i metallform.
Spenningsrekke for eit utval grunnstoff
| Na | Mg | Al | Fe | Ni | Sn | Pb | Cu | Ag | Pt | Au |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Natrium | Magnesium | Aluminium | Jern | Nikkel | Tinn | Bly | Kopar | Sølv | Platina | Gull |
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.