Det er ulike instrument som er montert i dei ustabile fjellpartia. Her er dei viktigaste:
Strekkstag er eit stag som er bolta fast på kvar side av ein sprekk og måler korleis denne sprekken vert breiare (eller smalare). Dette instrumentet er svært robust og veleigna på sprekkar med mindre opning enn om lag to meter. Instrumentet treng straum, og data må overførast via kabel og radio.
Differensiell GPS måler posisjonen (i 3D) til eit punkt i overflata med ein nøyaktigheit på nokre få millimeter. Instrumentet treng antenne, straum og overføring av data med kabel og radio.
Prisme er små speglar montert på overflata av fjellet. Ein laserstråle sendt ut frå ein totalstasjon, gjerne plassert utanfor det ustabile fjellpartiet, måler avstand og vinkel til prisma og bereknar endring i posisjonen (i 3D). Prisma treng ikkje straum eller kablar. Laserstrålen gir dårlege målingar i skodde og regn, eller med snø og is på prismeoverflata.
I borehola, som går djupt ned i fjellpartia, er det senka ned ein lang streng med ein sensor for kvar meter. Sensoren måler avviket frå loddet (vertikalen), både hellinga og kva himmelretning hellinga fell mot (til dømes 10° helling mot nord). Mellom kvar sensor er det fleksible ledd i strengen. På strengen kan det også vera sensorar som måler vasstrykket, dersom strengen når ned i grunnvatnet. Slike borehol er viktige for å forstå korleis fjellet bevegar seg i djupet. Systemet er svært kostbart, og ofte er det vanskeleg å få utført slike boringar i det bratte terrenget. Etter kvart som fjellet sig og det vert mykje knekk(ar) på strengen, kan den kila seg fast og det kan bli krevjande å få strengen opp av boreholet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.