Frøemna hos bartre sit ikkje i ein lukka behaldar, men er nakne, i motsetnad til korleis frøemna sit innelukka i fruktknuten hos dei dekkfrøa plantene (blomsterplantene).

Bartrær
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Nakenfrøa planter er den eine av de to store gruppene med frøplanter. Den andre store gruppa blir kalla dekkfrøa planter eller blomeplanter. Det finst mellom 900 og 1 200 artar nakenfrøa planter. Alle er treaktige, mange har kongler. Den største gruppa er bartre, som gran og furu.

Faktaboks

Etymologi
Pinophytina av Pinus gammalt latinsk namn på furu/pinje og gammalgresk φυτόν (phyton) 'plante'. Gymnospermae av gresk γυμνός (gymnos) 'naken' og σπέρμα (sperma) 'frø'
Også kjend som
Pinophyta (som rekke/avdeling), Gymnospermae
Vitskapeleg namn
Pinophytina (som underrekke/underavdeling)
Beskriven av

Cronquist, Takhtajan & Zimmermann (1966) ex Reveal (1995)

Både nakenfrøa og dekkfrøa planter formeirer seg med frø, men frøa er ulike. Hos dei nakenfrøa plantene sit frøemnet nakent på eit bladliknande organ. Hos dekkfrøa planter blir frøemnet utvikla i ein slags lukka behaldar.

Dei nakenfrøa plantene er dei eldste og mest primitive av frøplantene. Ein har funne fossil tilbake til perioden karbon, for 290—350 millionar år sidan. Dei første dekkfrøa plantene oppsto mykje seinare, for 160-245 millionar år sidan. Dei dekkfrøa plantene utivkla blomer og samarbeid med insekt, og blir òg kalla blomeplanter.

Kjenneteikn

Unge frøkongler («hoblomar») i skotspissane hos gran. Dei er oftast blodraude, men kan også vera grøne.
Hoblomar på gran
Lisens: CC BY SA 3.0

Hovudkjenneteiknet er dei nakne frøemna, men merk at når frøa utviklar seg etter pollineringa, blir frøa ofte inneslutta i ulike strukturar som sporofyll eller frøemneskjel.

Nakenfrøa planter manglar blomster i streng botanisk forstand, men kan ha blomsterliknande strukturar kalla mikrosporestandar (hannlege) og frøemnestandar (holege). Hos bartrea blir desse strukturane kalla kongler; hannlege pollenkongler og holege frøkongler.

Forplantningsorgana (frøemne eller storsporehus og pollensekkar eller småsporehus) sit på lite omdanna vanlege blad. Storsporen spirer i sporehuset til ein holeg forkim med opplagsnæring eller frøkvite (endosperm). Frøkviten hos dei dekkfrøa har eit anna opphav. Hos dei aller fleste blir pollenet (småsporene) overført med vind.

Alle nakenfrøa planter er treaktige (tre eller busker, nokre få er forveda lianar). Veden består hos dei fleste nesten berre av trakeidar (sjå vedvev og planteceller).

Grupper av nakenfrøa planter

Nolevande nakenfrøingar femner om mellom 900 og 1200 artar, alt etter kva ulike forskarar reknar for artar og kva dei reknar for underartar og varietetar.

Det er vanleg å dele dei i fire grupper: konglepalmar, bartre, tempeltre (ginkgoar) og gnetofyttar. Men det er og noko diskusjon om systematikken (sjå avsnittet om systematikk).

Bartre

Pinus sylvestris, vanleg furu, er den einaste viltveksande arten i furuslekta i Noreg.
Furu
Av .

Bartre er den største gruppa. Bartrea veks som tre og buskar med rikt greina stamme, som hos enkelte artar kan bli over 100 meter høge og 3000 år gamle. Hos mellom anna furu og lerk er det stor skilnad på langskot og kortskot.

Konglepalmar

Konglepalmer er ei lita gruppe med treaktige planter, som kan minne om palmer i vekstformen og bregner i blada. Namnet er misvisande, for dei har ikkje kongler og er ikkje i slekt med palmer. Nokre av artane kan bli 20 meter høge. Dei veks sakte, det finst artar som berre veks ein meter på 500 år. Konglepalmar er trua.

Tempeltre

Ginkgo biloba, tempeltre. Foto frå: Århus, Danmark

Tempeltre likner løvtre. Dei kan bli 40 meter høge og er rikt forgreina og løvfellande. Dei veks langsamt og kan bli svært gamle, truleg meir enn 1000 år. Tempeltre er særbu, individa er enten hannplanter eller hunnplanter. Berre ein art har overlevd til vår tid, tempeltreet, og det blir omtalt som eit levande fosssil.

Gnetofyttar

Gnetofyttar omfattar 80 artar, i tre svært ulike grupper: Ephedra, Gnetum og Welwitschia. Gnetofyttane er nakenfrøa og dei er særbu. Dei har og nokre trekk som minnar om blomeplantene. Dei har reduserte blomer i spesielle aks der frøemna/pollenbærarar er omslutta av støtteblad.

Systematikk

Dei nolevande nakenfrøa plantene blir oftast klassifisert som ei systematisk underrekke eller rekke innan frøplantene.

Nolevande nakenfrøa planter har tradisjonelt vorte førte til fire ulike plantegrupper: konglepalmar, bartre, tempeltre (ginkgoar) og gnetofyttar. Desse er så ulike at somme har meint at dei representerer uavhengige utviklingsliner fra ulike utdøydde forfedrar (frøbregnar eller nærståande). Men nyare genetiske studiar stør at alle dei nolevande utgjer ei monofyletisk gruppe som er søstergruppe til dei dekkfrøa plantene.

Når ein reknar med alle dei utdøydde, blir nakenfrøingane parafyletiske. Særleg har den systematiske stillinga til gnetofyttane vore mye omdiskutert, og det er framleis ikkje full semje. Mange genetiske studiar med litt ulike metodiske tilnærmingar talar for at gnetofyttane høyrer heime innan «bartre-klassen» (Pinopsida) som ei søstergruppe til furufamilien (Pinaceae). Furufamilien og gnetofyttane blir da søster til dei øvrige tradisjonelle bartrefamiliane som har vore kalla cupressofyttar («sypress-planter»; Cupressidae som underklasse). Familiane i Cupressidae er kranstrefamilien (Araucariaceae), podokarpfamilien (Podocarpaceae), skjermbladtrefamilien (Sciadopityaceae), sypressfamilien (Cupressaceae), og barlindfamilien (Taxaceae).

Forenkla kladogram som illustrerer det evolusjonsmessige slektskapet mellom nolevande grupper av nakenfrøa planter slik som dei fleste genetiske studia no blir tolka. Kladogrammet viser og at nakenfrøa og dekkfrøa planter er søstergrupper.

Kladogram frøplanter
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Utdøydde nakenfrøa

Mens dei dekkfrøa blomsterplantene først utvikla seg seint i mesozoisk tid, og fekk ei dominerande stilling i Jordas plantedekke i midten av krittida, høyrer nakenfrøa til dei eldste plantegruppene. I øvre devon er det funne frøliknande organ som kan tilhøyre nakenfrøa planter, men sikre fossil har vi først frå karbon. Frå midtre og øvre devon er det kjent mange ulike «progymnospermar». Dei var forveda sporeplanter, og blant dei finst truleg forfedrane til frøplantene.

Til dei eldste nakenfrøa høyrer frøbregnar, som var vanlege i karbon og perm, med utløparar til midt i mesozoikum, da dei døydde ut. Blant frøbregnane finn vi den mesozoiske gruppa Caytoniales, som i visse trekk minner om dei dekkfrøa, men utan å vere i slekt med dei. Glossopteris utgjorde ei stor gruppe frøbregnar med tungeforma blad. Dei var særs talrike på den sørlege halvkula mot slutten av paleozoikum og først i mesozoikum.

Også dei eldste bartrea finst i karbon og kjem for alvor i perm og mesozoikum. Blant bartrea i karbon og perm er det ein del med primitive frøkongler som viser at kongla er å oppfatte som ein frøemnestand, altså ein struktur sett saman av fleire frøemne. Frå øvre jura er det kjent fossil som kan førast til furufamilien. Sjølve furuslekta er påvist i tidleg krit. Også sypressfamilien og podokarpfamilien er kjent frå jura.

Den gruppa som konglepalmane tilhøyrer, Cycadopsida, opptrer første gong seint i karbon, men vart vanleg først i mesozoisk tid, med former som til dels var atskillig ulike dei nolevande artane.

Benettitane hadde liknande bladform som konglepalmar, men hadde heilt andre spalteopningsapparat og forplantningsorgan, var ei artsrik og dominerande gruppe i mesozoikum (dei eldste er kjent fra perm), men døydde ut i løpet av krit.

Tempeltrea, ginkgoane – som har berre ein einaste nolevande art, kinesisk tempeltre, Ginkgo biloba – var også talrike i mesozoikum, og minst seks slekter har vore ført til tempeltreordenen (Ginkgoales). Fossil som kanskje høyrer heime i denne ordenen, er funne heilt tilbake i perm.

Fossile gnetofyttar er kjent frå sein jura og med relativt mange funn i tidleg krit. Det er også rapportert usikre funn frå perm.

Heilt utdøydde er cordaitane, som levde i paleozoikum og var fjerne slektningar av bartrea.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Yang, Y., D. K. Ferguson, B. Liu, K.-S. Mao, L.-M. Gao, S.-Z. Zhang, T. Wan, K. Rushforth & Z.-X. Zhang (2022). Recent advances on phylogenomics of gymnosperms and a new classification. Plant Diversity 44(4): 340–350.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Pinophytina (som underrekke/underavdeling)
Artsdatabanken-ID
1372

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg