Speilsalen i Versailles er ein lang og lys sal med høgt tak. På den eine sida er det mange store speglar, og på den andre sida store vindauge. Frå taket heng glitrande lysekroner, og taket er dekka av måleri. Det er rammer og kantar i gull, med mykje detaljar. Golvet er av blank stein, og alt ser rikt og fint ut.
I barokken kunne dei skape dramatiske inntrykk. Mange interiør har maleri på veggane og i taket. Det er mykje detaljar på søyler, rammer og lamper. Ofte forgylte dei rammene rundt måleri og speglar. Biletet syner speglsalen i det franske slottet Versailles. Slottet er eit kjent døme på fransk barokk.
Speilsalen i Versailles
Av /Shutterstock.

Barokken er ein stil i kunst og arkitektur. I arkitekturen varte barokken frå 1580 fram til 1750. Renessansen kom før barokken. Etter barokken kom stilane rokokko og klassisisme.

Kjenneteikn

Biletet viser ein stor og gammal bygning i stein med høge vindauge, bogar og figurar på fasaden. Midt på taket er det ein mørk, rund kuppel. Framfor bygningen går folk rundt på ein open plass.
Louvre er eit barokkslott i den franske hovudstaden Paris. Den franske kongen budde der fram til 1682, då Versailles sto ferdig. No er Louvre bygd ut under jorda og med ein pyramide i glas. Inni er eit av dei mest kjende kunstmusea i verda. Der heng mellom anna Mona Lisa.
Louvre i Paris i Frankrike
Av /Shutterstock.

Arkitektur bygd i stilen til barokken starta rundt 1580. Frå Roma i Italia spreidde stilen seg ut i Europa og koloniane i Mellom-Amerika og Sør-Amerika.

Barokken henta inspirasjon frå antikken, slik som i renessansen. Barokk arkitektur har mange søyler, kvelv og kuplar. Det nye var eit meir dramatisk og imponerande uttrykk. Bygga er fulle av fantasi, med pynt og detaljar.

Linjene i arkitekturen blei runde og bølgande. Kyrkjer kunne få ovale grunnplan eller runde kuplar. Samtidig var symmetri viktig. Alle delar av bygget skulle henge saman.

Barokk arkitektur har veldig mange detaljar. Eit rom var som ei scene, noko ein kunne oppleve. Derfor spelte fargar og lys ei sentral rolle. Maleri og skulpturar var ein viktig del av heilskapen.

Arkitektane som jobba med barokk stil likte å imponere. Bygga kunne ofte ha digre, dekorerte inngangar med breie trapper. Dørene kunne stå innover på linje, slik at bygget såg uendeleg ut.

Byane endra seg i barokken. Imponerande bygg blei meir synlege. Dei la breie gater ut frå opne plassar, med fontener som midtpunkt.

Barokk stil i Europa

Preikestolen i Oslo domkirke er ein høg talarstol laga av tre, måla i gull og sterke fargar. Han står ved ein søyle og har eit tak som ser ut som ei lita krone over. Rundt preikestolen er det utskorne figurar og mønster. Her står presten og talar til folk i kyrkja.

Mange norske kyrkjer har dekor i barokk stil. Dei er ofte i tre, rikt utskorne, dekorerte og forgylte. Preikestolen i domkyrkja i Oslo er eit godt døme. Han er frå 1699.

Oslo domkirke
Av /Arfo forlag.

I Italia er barokken aller mest synleg i kyrkjene. Barokken kom etter reformasjonen, og katolikkane ville skilje seg endå meir ut frå protestantane. Den katolske kyrkja ville nå betre ut til folket. Dei kyrkjelege bygga vart difor meir opne og lyse. Dei vart i tillegg rikt dekorerte og fylt med kunst på innsida.

Peterskyrkja er eit hovudverk i italiensk barokk. Den runde kuppelen, forma av Michelangelo, er eit tidleg eksempel. Interiøret blei utforma av Gian Lorenzo Bernini. Han laget også barokke kyrkjer, palass, fontener og skulpturar. Andre barokke bygg i Roma er Spansketrappa og Trevifontena.

Med barokk arkitektur ville dei rike vise seg fram og skilje seg frå vanlege folk. For eksempel fekk barokke teater losjer oppe i veggane. Losjer var ein slags balkongar der dei rike kunne sitje, høgt over dei andre.

I Frankrike bygde dei mange barokke palass. Slottet og hagen i Versailles blei eit symbol på kor mektig kongen var. I Paris ligg palasset Louvre, som no er eit museum. Praha i Tsjekkia har også mykje barokk stil. I Austerrike finst det også mange barokke bygg.

Det er meir barokk arkitektur i land som fylgjer katolsk kristendom. Difor er det mindre barokk stil i protestantiske land. Eit eksempel er likevel Saint Paul’s Cathedral i London.

I Noreg kan ein best sjå barokken i altertavler og preikestolar med mykje dekor. Bygatene i Oslo sentrum og Kristiansand blei laga under barokken. Baroniet Rosendal i Hardanger og Kongsberg kyrkje er døme på norsk barokk.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Per Rygh
Sivilarkitekt