tre dekte av mykje og tung snø

Fjellskogen har eit hardt klima med kulde og mykje snø.

Foto av fjellskog om vinteren
Lisens: CC BY SA 3.0

Fjellskog er skog som veks opp mot fjellet. Trea i fjellskogen veks i eit hardt klima med kalde vindar, tung snø og låg temperatur. Skogen er spreidd og det er mange gamle og skadde tre.

Grensa mellom øvre del av fjellskogen og snaufjellet blir kalla skoggrensa, og er lett å sjå. Overgangen mot annan skog lenger ned er derimot uklår og gradvis.

Tre i fjellskogen

I fjellskogen er det fleire treslag. Bjørk, gran, furu, rogn og gråor veks her. Bjørka er den som toler lågast temperatur og veks ofte øvst mot snaufjellet. På marka under trea er det ofte einer og dvergbjørk. Her er også mykje lyng som røsslyng, blåbær og blokkebær. Der marka er rik på næring og fukt finst også bregnar og store urter som turt og tyrihjelm.

Nedbryting og sopp

spreidde tre med gras på bakken og nokon soppar innimellom graset

Brunskrubb er ein av dei vanlegaste soppane i fjellbjørkeskog. Han hjelper trea med å ta til seg næring.

Foto av brunskrubb i fjellbjørkeskog
Lisens: CC BY SA 3.0

Den låge temperaturen gjer at nedbryting av daude plantar går seint i fjellskogen. Det er difor lite næring som blir frigjord til trea. Då er soppane til god hjelp.

Mange av soppane i fjellskogen dannar sopprot med trea. Sopprot er eit samliv mellom soppen og treet. Soppen samlar næring frå jorda som han gjev til treet. I byte får soppen karbohydrat frå fotosyntesen til treet. Brunskrubb er ein av dei vanlegaste soppane i fjellskogen som hjelper treet med å ta til seg næring.

Dyr i fjellskogen

Fjellskogen er viktig for ville dyr som til dømes elg og hare. Her finn dei skjul og kan beite på plantane. Husdyr liker også å vere her når det er dårleg vêr.

Skogbruk

to låge, gamle trehus som står på eit ope område. skog i bakgrunnen

Setrane vart gjerne lagt til fjellskogen. Her var det beite for husdyr og ly for kalde vindar frå snaufjellet. Når drifta på setrane sluttar og husdyra forsvinn, gror dei opne setervollane til med skog.

Foto av seter og setervoll
Lisens: CC BY SA 3.0

Fjellskogen ligg som eit vernande lag mellom snaufjellet og skogen lenger nede i lia. Han vernar skogen mot snøfokket i fjellet og kalde vindar. Difor finst det spesielle reglar for skogbruket langs fjellskogen. Det betyr at hogst i fjellskog berre må skje på ein skånsam måte for å verne resten av skogen.

Historie

Setrane vart ofte lagde i fjellskogen. Fjellskogen gav ly for vind og nedbør. Han gav også ved til oppvarming og ysting. No er det lite drift igjen på setrane. Det er heller ikkje så mange husdyr som beitar i fjellskogen. Då veks det opp buskar og tre på dei opne setervollane og beitemarkene i skoggrensa. Saman med eit varmare klima gjer dette at fjellskogen flyttar seg oppover i fjellet.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

John Magne Grindeland
Førsteamanuensis i naturfag; dr.scient.; NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet