I 1918 blei Sommerfelt tilsett som stipendiat i Kristiania, men først i 1922 kom han tilbake til Noreg og tok til å førelese ved universitetet. Han kom raskt i ein prinsipiell teoridebatt med junggrammatikaren Hjalmar Falk, der Sommerfelt argumenterte for synspunkta til den franske lingvistiske skolen. Denne debatten markerte innleiinga til eit skilje i teoriorientering mellom allmenn og spesielt nordisk språkvitskap i Noreg. Nordistane heldt, med nokre unntak, fast ved junggrammatikken som teoretisk ramme for si verksemd. Sommerfelt derimot formidla nye teoretiske og metodiske retningar inn til studentar og kolleger, noko som førte til at allmenn språkvitskap i Noreg frå 1920-åra var i takt med internasjonal teori- og metodeutvikling. Før krigen var Europa sentralt, seinare kom impulsane meir frå USA.
Sommerfelts styrke som forskar låg i den konkrete språkskildringa. Han var empirikar meir enn teoribyggjar. Han var likevel teoretisk idérik, til dømes ligg Roman Jakobsons skildring av barns fonologiske utvikling i kim i ei bokmelding av Sommerfelt, med døme frå lydutviklinga hos hans eiga dotter.
Sommerfelt dekte eit vidt felt, men viktigast var keltologien. Han har gitt grunnleggjande bidrag om nykeltiske dialektar, og grunnla i 1958 tidsskriftet Lochlann, a Review of Celtic Studies. For skildringa av norsk er det omfattande arbeidet hans frå 1922 til 1957 som medredaktør av Norsk Riksmålsordbok viktigast. Teoretisk nyskapande var han innan historisk lingvistikk og på området språk og samfunn. Bidraga hans på det siste området peikar fram mot den moderne sosiolingvistikken. Hans mest sentrale artiklar blei i 1962 redigerte i ein internasjonal antologi, som kom til å stadfeste Sommerfelts pionérinnsats særleg på området språk og samfunn.
Sommerfelt blei dosent i 1926 i samanliknande og allmenn språkvitskap, i 1931 professor i allmenn språkvitskap. Han stod i stillinga til han var 70 år i 1962.
Alf Sommerfelt døydde i ei bilulykke i oktober 1965.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.