Gransherad er ei bygd i Notodden kommune, Telemark fylke. Gransherad utgjer den nordlegaste delen av kommunen, omkring Tinnoset og elva Tinne.
Gransherad sentrum ligg ved Tinne 20 kilometer nordvest for Notodden. Den nedlagde Tinnosbanen mellom Notodden og Tinnoset går gjennom Gransherad. Persontrafikken på denne banen stansa i 1991. Banen er freda som kulturminne og inngår i Rjukan-Notodden industriarv.
Gransherad var inntil 1964 eigen kommune. Kommunen vart oppretta i 1860 av dei to sokna Gransherad av Hjartdal kommune og Hovin av Tinn kommune. I 1886 vart kommunen så delt i Gransherad og Hovin kommunar. Størsteparten av Gransherad vart i 1964 slått saman med Notodden og Heddal kommunar, og dessutan Rudsgrend av Hovin kommune til den nye storkommunen Notodden. Den austlege delen av den tidlegare kommunen, Gransherad-Jondalen, vart same året overført til Kongsberg kommune.
Kommentarar (1)
skreiv John Olav Lia
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.