Braddon publiserte over 80 romanar i løpet av dei om lag femti åra ho skreiv, mellom 1860 og 1910. Frå starten skreiv Braddon romanane som føljetongar i litterære og populære tidsskrift, noko som gav henne ein stor lesarskare. Men dei blei også straks etter utgitt i bokform, og desse selde også i mange utgåver. Dei mest kjente titlane har stort sett vore i sal sidan.
Braddons bøker har gjerne fått merkelappen 'sensasjonslitteratur', men Lady Audley's Secret er ikkje særleg oppsiktsvekkande i dag. Boka handlar om bigami og ekteskapsproblem, og det gjer også den andre store bestseljaren, Aurora Floyd (1863).
Braddon bygde nok på eigne erfaringar. Då ho skreiv den første romanen, var ho i starten av eit tretten år langt forhold med ein bigamist, tidsskrifteigaren John Maxwell. Først etter at den første kona hans døydde i 1874, kunne dei gifte seg. Livet hennar var difor sensasjonelt nok, og smitta kanskje over på bøkene.
Men ho skreiv også mykje anna fiksjon i meir spekulative og gotiske sjangrar, med til dømes spøkelseshistorier og andre overnaturlege fenomen, og desse fortener kanskje merkelappen sensasjonslitteratur. Ein annan del av forfattarskapen var historiske romanar.
Ho dreiv også sitt eige litterære tidsskrift, Belgravia, og redigerte dessutan bladet Temple Bar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.