Faktaboks

Peter Tordenskiold

Til 1716 Peter (Jansen) Wessel. Frå 1800-tallet ofte kalla Peter Wessel Tordenskiold, men denne namneforma brukte han aldri sjøl.

Fødd
28. oktober 1690, Trondheim
Død
12. november 1720, Gleidingen, Tyskland
Levetidskommentar
fødselsdato juliansk kalender
Verke
Sjøoffiser
Familie

Foreldre: Kjøpmann, rådmann Jan Wessel (1646–1716) og Maren Schøller (1656–1742).

Ugift.

Bror til sjøoffiseren og godseieren Caspar von Wessel (1693-1768) og sjøoffiseren og overlosen Jan Wessel (1684-1729).

Brorsønns dattersønn av Caspar Schøller (1582–1661); farfars bror til Johan Herman Wessel (1742–1785), Ole Christopher Wessel (1744–1794) og Caspar Wessel (1745–1818).

Peter Wessel, adla med namnet «Tordenskiold», vart særleg kjend for vågemotet sitt under slaget i Dynekilen i 1716, og er ein av dei største folkeheltane i norsk historie.
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 4.0
Peter Wessel Tordenskiold, maleri av Balthasar Denner frå 1719.

Peter Tordenskiold var ein norsk sjøoffiser under den store nordiske krigen (1700–1721), berømt etter ei rekkje bragder i sjøkampar mot Sverige. Han heitte opprinneleg Peter Wessel, men fekk namnet Tordenskiold då han vart adla 25 år gamal. I 1718 vart han utnemnd til admiral. Djervskapen kosta han til slutt livet, då han fall i ein duell med ein baltisk offiser like etter krigen.

Tordenskiold var offiser i den dansk-norske flåten frå 1710 til 1720. I denne tida låg Danmark-Noreg og ei rekkje andre land i krig med Sverige, i Noreg kjend som elleveårskrigen (1709–1720). Frå 1709 var det fleire trefningar mellom svenske og dansk-norske styrkar, også til sjøs. Etter kvart fekk den dansk-norske flåten overtaket, mykje på grunn av bragdene til han som seinare vart kjend som Tordenskiold.

Innsatsen i Den store nordiske krigen og den ekstravagante veremåten gjorde Tordenskiold til folkehelt allereie medan han levde, og gav opphav til ei sterk mytedanning. Minnet om Tordenskiolds eventyrlege liv og bedrifter har levd heilt til i dag blant både danskar og nordmenn, som framleis kan stridast om sjøheltens «eigentlege» nasjonalitet.

Bakgrunn

Peter Jansen Wessel voks opp i ein stor borgarfamilie i Trondheim, som son av kjøpmann, reiar og rådmann Jan Wessel (1646–1716) og Maren Schøller (1656–1742). Han voks opp på foreldras lystgård Ringve, der han var nummer 14 av 18 sysken. Det finst få fakta om barndommen hans, men han var elev ved latinskolen i heimbyen inntil «tredie Lectie». Det vart ingen vidare skulegang, men ifølgje tradisjonen skal han i kortare tid ha vore i skreddar- og seinare barberlære. Etter eige utsagn hadde han òg vore til sjøs som unggutt, kanskje på eit av skipa til faren. Han var rastlaus, tilpassa seg ikkje skulen og heller ikkje livet som lærling.

Då så Frederik 4. vitja Noreg og Trondheim i 1704, såg den 13 år gamle Peter Wessel sitt snitt til å stikke av med det kongelege følgjet til København. Faren var økonomisk svekt på dette tidspunktet, og såg nok difor velvillig på at Wessel freista lukka i hovudstaden, som fleire av brørne. Her vart han buande hos ein ven av faren, presten Peder Jespersen, som var kongeleg konfessionarius og derfor stod kongen nær. Wessel drog truleg nytte av dette då han 15 år gamal, 28. mars 1706, skreiv til kongen med ønske om å verte teken opp ved sjøkadettkompaniet, ein personleg førespurnad som var vanleg på den tida. Han fekk ikkje plass, men vart likevel satt på venteliste, truleg etter anbefaling frå Jespersen.

For å auka sjansane sine til å verte kadett, tok Wessel i 1706 hyre på slaveskipet «Christianus Quintus». Skipet var eigd av det halvstatlege vestindisk-guineiske kompani, og frakta 447 slavar frå Vest-Afrika til øya St. Thomas i Dansk Vestindia (sjå dansk-norsk slavehandel). 54 av slavane døydde undervegs. Det er ikkje funne nokon kilder som vitnar om at Wessel seinare snakka om eller reflekterte over denne episoden i livet sitt. Tilbake i København i 1708 søkte han, og purra deretter på kongen, om å verte teken opp i kongelig flåtetjeneste. I mellomtida var Wessel ulønt lærling ved flåtebasen Bremerholm, men då svaret lét vente på seg, reiste han på ny ut – til Trankebar i India med det Ostindiske kompaniets skip «Fredericus Quartus». På veg heim i 1710 avanserte han til tredjestyrmann på skipet.

Den store nordiske krigen

I 1710 kom skipet attende til Europa og fekk melding om krigshandlingane mellom Danmark-Noreg og Sverige i elleveårskrigen, som braut ut i 1709. For å unngå svenske kaperar og krigsskip, segla dei til Noreg. Då mønstra Peter Wessel på eit britisk skip som skulle til København og Austersjøen, men hamna i Marstrand i Sverige etter ein storm. Her gav Wessel seg ut for å vere britisk matros, og kunne dermed halde eit auge med svensk verksemd på skip og ved festninga Karlsten, som han så melde vidare til det dansk-norske admiralitetet.

På dette tidspunktet var Wessel teken opp ved kadettkompaniet, der han følgde undervisinga frå august 1710. Fleire år til havs hadde gjort han røynd med sjøferder og artilleri. I februar 1711 sende han søknad til kongen om å få ta eksamen, og jamvel om å få føre ein fregatt, utan å få det siste ønsket innfridd. I staden vart han utnemnd til underløytnant og gitt posten som nestkommanderande på fregatten «Postillonen».

Vellukka kampar

Peter Wessel førte fleire vellukka kampar mot svenskane, og det danna seg snart fleire myter kring han. Denne teikninga (1720) førestiller ein episode frå 1714: «Tordenskjold havde faaet Befaling at gaae i Land i Skaane; han opdages og omringes af Svenske Dragoner. En af dem forlanger hans Kaarde, Tordenskjold Svarer: dennegang ej, hugger ham over Haanden og Svömmer med sin Kaarde i Munden, tilbage til sin Fregat.» Episoden er gjengitt i Tordenskiolds vise:

«En dragon stak haanden frem, men han trak den aldrig hjem; han ham trodde i sin vold, den gang ei, sa Tordenskiold.»

Seinare i 1711 vart han kommandørsnauen «Ormen», eit lite skip nytta til rekognosering og kamp mot kaperar. Som kommandant på «Ormen» gjorde han fleire djerve manøvrar og kapra mellom anna fire svenske båtar lasta med kornvarer. Øvstkommanderande og stattholdar i Noreg, baron Woldemar Løvendal, beit seg merke i kampånda til Peter.

I 1712 fekk Wessel styringa over eit større skip, den hurtige fregatten «Løvendals Galley», truleg etter tilråding frå Løvendal sjølv. Wessel førte «Løvendals Galley» i tre år og gjorde skipet kjent som «Kattegats skrekk». I 1712 var han med på å kapre og øydeleggje ein svensk flåte på 70–80 skip og slik skaffe dansk-norsk herredøme over farvatna ved Rügen. For dette vart han forfremja til kapteinløytnant.

Wessels nøyaktige etterretningar, gjorde like innpå fienden, skaffa han tilnamnet «flåtens skarpe auge». Generaladmiral Ulrik Christian Gyldenløve, øvstkommanderande for flåten, var svært nøgd.

Uvørden framferd

I juli 1714 støytte «Løvendals Galley» ved Lindesnes på ein dobbelt så stor svensk fregatt, «De Olbing Galley», og Wessel gjekk til åtak heller enn å prøve å rømme. Fregatten var bygd i Langesund i 1712 og kalt opp etter Tordenskjolds beskyttar baron Woldemar Løvendal.

Dei komande åra førte Peter Wessel fleire konvoiar i Nordsjøen. I 1713 hamna «Løvendals Galley» i kamp mot to overlegne svenske linjeskip, men Wessel makta å kjempe tilbake og kom seg unna utan tap av mannskap. Seinare sende Wessel sleivkjefta brev til den svenske generalguvernøren i Göteborg, og fekk åtvaring frå Frederik 4. for manglande høvisk framferd.

I juli 1714 støytte skipet på ein dobbelt så stor svensk fregatt ved Lindesnes, «De Olbing Galley», og Wessel gjekk til åtak heller enn å prøve å rømme. Etter eitt døgns kamp var Wessel nær tom for ammunisjon og sende ein parlamentær med førespurnad om å få låne krutt av motstandaren, men fekk avslag. Dei to skipssjefane drakk istaden kvarandres skål og skildest med løfte om eit seinare møte. «Løvendals Galley» var sterkt medteken, og Wessel vart stilt for krigsrett for vågespelet. Han vart frikjend og søkte heller kjepphøgt om å verte utnemnd til kaptein, noko kongen imøtekom.

Både forfremjinga og den uvørdne haldninga skaffa likevel Wessel fiendar i Admiralitetet i København. Då han søkte kongen om ein større fregatt og stilling som sjef for fellesflåtens eskadre i Sør-Noreg fekk han avslag.

Frå Wessel til Tordenskiold

I 1715 vart Peter Wessel adla under namnet Tordenskiold.

I april 1715 gjekk så dansk-norske krigsskip til åtak på ein svensk flåte på veg til den vestlege Austersjøen. Åtaket kom etter observasjonar frå Wessel. Med «Løvendals Galley» kjempa Wessel her til seg det vidgjetne og raske skipet «Hvita Örn», tok til fange admiralen som var leiar for den svenske flåtestyrken, og hindra svenskane i å øydeleggje skipa sine. Det enda med fullstendig dansk-norsk siger.

På veg tilbake til København gjorde Wessel nye halsbrekkande manøvrar mot svenskane, no med den omdøypte «Hvide Ørn», mellom anna mot to krigsskip med tre gonger så mange kanonar. Sigeren var populær i København, og ei rekkje offiserar fikk medaljar, men ikkje Wessel. Framferda hans vart ansett for å vere utanfor myndigheita hans. I København ønskte fleire admiralar igjen å stille han for krigsrett for manglande varsemd. I staden bad Wessel kongen om å verte adla – og det vart han, under namnet Tordenskiold.

Slaget ved Dynekilen

«Tordenskiold skyder den svenske kaptajn», framstilling frå 1898, basert på eit eldre måleri.

Slaget ved Dynekilen i 1716 er eit av dei mest berømte slaga i norsk historie. Her nedkjempa Peter Wessel Tordenskjold 29 svenske skip, til trass for at han sjølv berre hadde sju. Resultatet vart at Karl 12 trakk felttoget sitt tilbake. Maleri av Carl Neumann.
Tordenskjold i Dynekilen
Av .

Vinteren 1716 gjekk svenskekongen Karl 12. og soldatane hans inn i Noreg (sjå den svenske invasjonen av Noreg i 1716), og i mai hærtok dei Fredrikshald by. Her var dei avhengig av forsyningar sjøvegen.

I juli 1716 eskorterte Tordenskiold ein flåtestyrke på veg frå København til Larkollen ved Christianiafjorden. På vegen fekk han etterretning om at Karl 12.s beleiringsartilleri var på veg til Halden, og at skipa låg i Dynekilen. Tordenskiold gjekk til åtak utan godkjenning frå sin overordna, viseadmiral Christian Carl Gabel (1679–1748). Sigeren var knusande, og svenskekongen måtte gi opp felttoget. For denne bragden vart Tordenskiold utnemnd til kommandør. I november same året vart han sjef for den norske eskadren.

Eskadresjef

Som sjef for den norske eskadren viste Tordenskiold stor iver når det galdt styre og stell, men måtte kjempe mot små ressursar og sterk uvilje frå eldre offiserar. I mai 1717 leidde han eit åtak mot festningen Nya Älfsborg ved Göteborg, med eit mål om å knuse mykje av den svenske flåten. Her vart Wessel motarbeidd av ein av sine eigne offiserar, Christian Vosbein (1678–1723), slik at framstøyten mislukkast.

Eit par månadar seinare prøvde Tordenskiold òg å gå til åtak på Strömstad. Åtaket var godt planlagt, men sommel frå Admiralitetet førte til sein ankomst av artillerifartøy og soldatar, og igjen var svenskane førebudd. Tordenskiold leda sjølv an i åtaket 18. juli, men vart såra og måtte til slutt gi opp.

Nederlaga vart teke ille opp i København, og Tordenskiold fekk ordre om å fråtre. Forholdet hans til kommanderande general i Noreg, baron Erhard Wedel Jarlsberg, var òg dårleg, samtidig som svenske invasjonsplanar kravde nettopp godt samspel dei imellom. Med støtte i Admiralitetet utnemnde difor kongen ein annan og meir røynd offiser til norsk eskadresjef.

Admiral

Tordenskjold truer den svenske kommandanten Dankwart i Marstrand. Om han virkelig spurte svensken «Hvad djevelen nøler I efter?», slik myten forteller, er tvilsomt.

Ein rekke myter og populære historiar danna seg kring Tordenskiold alt medan han var i live, mellom anna anekdoten om Tordenskiolds soldatar. Ifølgje fortellinga fekk Tordenskiold soldatane sine til å marsjere i ring i gatene i Marstrand i 1719, slik at svenskane trudde han hadde fleire soldatar enn han hadde i verkelegheita.
Tordenskiolds soldatar
Av /Forsvarets museer.

Tordenskiold bad no om at omstenda kring åtaket på Strömstad vart granska. Tordenskiold vart frikjend, men fekk ikkje kommandoen tilbake. Same haust vart han utnemnd til sjef på linjeskipet Laaland. Då Karl 12. fall ved Fredriksten under eit nytt svensk felttog i Sør-Noreg i desember 1718, sørga Tordenskiold for å få nyheita verifisert før han julaftan reiste med ein hurtigseilande båt til København. Han nådde byen andre juledag og melde nyheita til kong Frederik 4. Kongen svara med å utnemne Tordenskiold til schoutbynacht, kontreadmiral.

No vart Tordenskiold igjen sjef for eskadren i Noreg. Under slaget ved Marstrand i 1719 leia han åtaket på den svenske byen Marstrand og festninga Karlsten. 21. juli landsette han 600 mann og følgde opp med artilleribeskytning frå fartøya. Ifølgje ei populær historie klarte Tordenskiold å få den svenske kommandanten til å tru at han hadde fleire tusen mann, ved å la soldatane stadig flytte seg rundt i byen («Tordenskiolds soldatar»), og at han venta ytterlegare forsterkningar. Tordenskiold lukkast i å hærta mykje av den svenske flåten og setje fyr på resten, for så å overta festninga. For denne bragden vart han utnemnd til viseadmiral og fekk kongen sitt portrett med diamantar.

Tordenskiold ønskte no å halde fram med eit åtak på heile Båhuslen, men måtte avslutte framstøyten. I staden vart det innleidd fredsforhandlingar mellom Sverige og Danmark-Noreg.

Endelikt

Peter Wessel Tordenskiold vart drept i ein duell, 30 år gamal. Maleri av Tordenskiolds lik med tjenaren Christian Nielsen Cold sittande ved sida.

Duellen

Krigen hadde gjort Peter Wessel adeleg, og dessutan hadde han vorte ein rik mann på grunn av inntektene frå alle skipa han kapra og så selde. Freden gjorde at han vart uverksam. Hausten 1720 skal han difor ha planlagt ei reise til England, gjennom tyske område, kanskje for å møte ei kvinne. I nokre brev nevner den ugifte Tordenskiold ei frøken Norris, ein rik arving som han skal ha blitt introdusert for av den britiske ambassadøren i Danmark. Ingen har klart å finne ein passande kandidat i det britiske aristokratiet.

8. november 1720 var Tordenskiold i eit selskap i Hannover. Her banka han opp den livlandske obersten Jacob Axel Staël von Holstein (1680–1730), som hadde lurt pengar frå ein ven av han. Holstein svarte med å utfordre Tordenskiold til duell.

Tordenskiold møtte opp til duellen i Gleidingen utanfor Hannover 12. november 1720, men ønskte ikkje kamp og prøvde heller å forlike seg med Holstein. Obersten kravde derimot å vinne att æra si. Tordenskiold aksepterte duell på kårder, trass i at kårda hans var mykje kortare enn motstandarens. Tordenskiold var òg mindre trena i fekting enn obersten. I den påfølgjande duellen påførde Holstein Tordenskiold ein dødeleg støyt med kårda. Tordenskiold døydde i løpet av nokre få minutt.

Fleire omstende kring duellen er uklare.

Gravferda

Liket av Tordenskiold vart ført med eit lite fartøy til København. Sidan duellering var ulovleg i Danmark-Noreg, bar venene kista gjennom byen om natta. I Holmens kirke vart kista satt i kjellaren. I 1816, nær 100 år seinare, avgjorde kong Frederik 6. at sjøhelten skulle flyttast opp i ein marmorsarkofag i kyrkja, men heller ikkje denne gong med kyrkjas velsigning. Først i 1995, 275 år etter at han døydde, vart den kyrkjelege seremonien kring gravferda gjennomført.

Gravferda til Tordenskiold har vore gjenstand for diskusjon. Somme hevdar at årsaka til at gravferda fann stad om natta, var for å unngå oppmerksemd sidan han vart drepen i ein duell, medan andre meiner nattleg gravferd var rekna som ei heidring av den avlidne.

Ettermæle

Frå avdukinga av Tordenskioldstatuen i Kristiania 17. mai 1901. Den gamle sjøhelten hadde ein åpenbar misjon under uavhengighetskampen i åra fram mot 1905.
Av /Norsk Teknisk Museum.
Lisens: CC BY 2.0

Tordenskiold vart aldri gift. Det er kjent at han hadde minst eitt utanomekteskapeleg barn, då ei Mette Rasmusdatter, som han hadde gifta bort til ein kusk i København, kom med eit krav i hans dødsbu. Truleg er dette barnet den Pernille, admiral Tordenskiolds «uekte» dotter, som vart begravd i København i 1721.

Kjeldene til Tordenskiolds liv og karriere finn ein hovudsakleg i militære arkiv, med brev, rekneskapar, skipsjournalar og anna. Det finst òg ein omfattande biografisk litteratur om han. Dei eldste bidraga blei laga allereie så tidleg som på midten av 1700-talet, då fleire vitner framleis var i live. I desse vart likevel mange rykter og meir eller mindre tvilsame anekdotar formidla. I tillegg finst rester av Tordenskiolds personlege arkiv, med mellom anna journalar, ordreprotokollar, kopibøker med meir, i NTNUs Universitetsbibliotek.

Tordenskiolds framferd skaffa han uvener, men han vart tidleg ein helt blant folket, og det vart dikta fleire viser om han alt medan han levde. Djervskapen hans var òg opphav til ei rekkje segner og skrøner som vart nytta til mytespinning i patriotisk historieskriving frå 1700-talet og utetter. Den sanne historia om Peter Wessel var likevel eventyrleg nok til at han seinare har vorte hylla som den største sjøhelten Noreg har hatt.

På gården Ringve ved Trondheim, der han voks opp, er det innreidd eit museum.

Opp gjennom åra har livet til Tordenskiold vore litterært behandla i ei rekkje samanhengar, blant anna av dei danske diktarane Bernhard Severin Ingemann, Adam Oehlenschläger og Holger Drachmann, og i ein historisk roman av Jacob Breda Bull. Fleire generasjonar norske og danske born har dessutan lært seg dei mange versa i Gotfred Rodes Tordenskiold-vise «Jeg vil sjunge om en helt», kor fleire av dei mest spektakulære episodane i sjøheltens korte liv er foreviga, om enn med større sans for dramatikk enn historiske fakta. Det har òg vore venskapeleg strid mellom Danmark og Noreg om kvar han høyrer heime, men gjentatte forslag om å få kista til Noreg har ikkje ført fram. Tordenskiold var ein av den dansk-norske flåtens fremste heltar, og var både før og etter sin død brukt i eineveldets kongetru patriotisme. Han var dermed den dansk-norske statens felles helt, som med hell hadde kjempa mot arvefienden Sverige. Utover på 1800-talet vart dette utfordra av norske historikarar, som la meir vekt på at han var fødd og oppvaksen i Noreg, og at hans norskdom også prega hans virke som sjømann og krigar.

Ei lang rekkje norske og danske byar har gater og plassar oppkalla etter Tordenskiold. I Danmark har dei framleis Tordenskiolds portrett på fyrstikkeskene.

Statuar og portrett

Portrettet av Tordenskiold på danske fyrstikkesker.

Statuen av Tordenskiold i Trondheim.
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Statuar av Tordenskiold finst ved Holmens kirke i København, utført av Herman Vilhelm Bissen; ein kopi står ved Vår Frue kirke i Trondheim. Tordenskiold-statuen i Kristiania, utført av Axel Ender, vart avduka i 1901; øvrige statuar finst mellom anna i Stavern (Gustav Vigeland), i Horten (Anders Svor) og ved Charlottenlund ungdomsskule, Trondheim (Hans Michelsen). I 1958 vart det avduka ein minnestein på duellstaden i Tyskland.

Kunstneriske portrett (eit utval)

  • Maleri (halvfigur) av ukjend kunstnar, ukjend år; Eidsvollsbygningen
  • Maleri (heilfigur) av ukjend kunstnar, ukjend år; DKNVS, Trondheim
  • Maleri av ukjend kunstnar, 1715; NF, Oslo
  • Maleri (brystbilete) av Balthasar Denner, 1719; Det Nationalhistoriske Museum på Frederiksborg
  • Litografi etter Denners maleri nytta som førelegg til bilete på fyrstikkesker fra H. E. Gosch & Co. (seinare De forenede danske Tændstikfabriker) fra 1876, til bilete på norsk frimerke i 1947

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Andersen, Dan Henry (2004): Mandsmod og kongegunst: en biografi om Peter Wessel Tordenskiold
  • Bergersen, Olav (1925): Viceadmiral Tordenskiold, to bind
  • Bergersen, Olav (1969): biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgave (NBL1), bind 16
  • Bjerg, H. C. (1983): biografi i Dansk biografisk leksikon, tredje utgave (DBL3), bind 14
  • Gierløff, Christian (1941): Tordenskiold
  • Kavli, Guthorm (1990): I Tordenskiolds kjølvann
  • Rian, Øystein (2007): For Norge, kjempers fødeland: 12 portrett frå dansketida
  • Rothe, Caspar Peter (1747–1750): Den Danske Söe-Heldt og Vice-Admiral Peter Tordenskiolds omstændelige Livs og Heldte-Levnets Beskrivelse, tre bind
  • Sandvold, Steinar: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgave (NBL2)
  • Topsøe-Jensen, Theodor Andreas og Marquard, Emil (1935): Officerer i den dansk-norske Søetat 1660–1814 og den danske søetat 1814–1932, bind 2

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg