Ei rekke modernistiske kunstnarar som hadde bakgrunn frå det russiske imperiet (før 1917), helsa revolusjonen i 1917, inkludert maktovertakinga til bolsjevikane (oktoberrevolusjonen), velkommen. Fleire stilte seg også til disposisjon for propagandaen til det sovjetiske kommunistpartiet (SUKP). Kunsten under det tidlege bolsjevikstyret var prega av avantgarden, særleg konstruktivismen til kunstnarar som Vladimir Tatlin og Aleksandr Rodtsjenko og arkitektar som Konstantin Melnikov og Moisej Ginzburg, poesien til Vladimir Majakovskij og den abstrakte suprematismen til Kazimir Malevitsj. Malevitsj var aktiv både i Moskva, Vitsebsk og Kyiv. Rørsla Proletkult hadde som program å skape ein ny, revolusjonær kunst både av og for folket.
Etter avslutninga av den russiske borgarkrigen og opprettinga av Sovjetunionen i 1922, byrja styresmaktene å fokusere på kulturlivet i større grad. Kunstnarar og intellektuelle som var i aktiv opposisjon til bolsjevikstyret blei undertrykt, sendt i eksil eller til og med fengsla eller drepne. På eit partimøte i SUKP i 1925 var det tre retningar i litteraturen som blei klassifiserte som akseptable: Proletarforfattarar, den meir avantgardistiske retninga LEF («Kunstens venstrefront»), som Majakovskij representerte, og til slutt «medløparar», som var lojale mot revolusjonen utan å vere marxistar (leninistar).
1920-åra var ein periode for nasjonsbygging i dei ikkje-russiske republikkane og regionane av den nye sovjetstaten, ein politikk som er kjent som korenizatsija. Dette innebar ei liberalisering for mange språk og kulturar etter det gamle imperiets fall, og for til dømes ukrainsk litteratur blei denne perioden ei (kort) blomstringstid, takk vere forfattarar som Valerjan Pidmohylnyj, Mykola Khvyljovyj (1893–1933) og Mykhajlo Semenko (1892–1937).
Nyskapande russiskspråklege forfattarar på 1920-talet var Isaak Babel, Mikhail Bulgakov, Jurij Olesja, Boris Pilnjak, Mikhail Zosjtsjenko, Andrej Platonov og Jevgenij Zamjatin. Utprega dystopiske eller satiriske verk av Zamjatin, Bulgakov og Platonov fekk likevel ikkje kome ut i den nye sovjetstaten. Også ei rekke andre forfattarar fekk publiseringsforbod mot slutten av 1920-talet.
Trass i at avantgarden sette sitt preg på den tidlege sovjettida og trass i forsøket til Proletkult-rørsla på å skape ein heilt ny revolusjonær kunst, blei det tidleg klart at bolsjevikane ønskte å ta vare på mange av dei gamle, førrevolusjonære kulturinstitusjonane, som Bolsjojteateret og Moskva kunstnarteater. Dette skjedde ikkje minst takk vere den fleksible kulturministeren Anatolij Lunatsjarskij. Det spelte òg ei viss rolle at sentrale bolsjevikar føretrekte klassisk litteratur og musikk.
Film blei tidleg eit viktig medium for den nye sovjetstaten, ikkje minst fordi teoretikaren og regjeringssjefen Vladimir Lenin karakteriserte filmen som «den viktigaste kunstarten for oss». Sergej Eisenstein var ein av mange kunstnarar som slutta opp om revolusjonen, noko ein ser i filmane hans frå 1920-talet: Streik, Pansarkryssaren Potemkin og Oktober. Eisenstein gjorde omfattande bruk av montasje i filmane sine, ein teknikk som parallelt blei utvikla av andre sovjetiske regissørar som Lev Kulesjov, Dziga Vertov og Vsevolod Pudovkin.
I 1920-åra var amerikansk film, jazz og krim svært populært i Sovjetunionen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.