St. Andrewsavtala er ei avtale mellom dei britiske og irske regjeringane og dei politiske partia i Nord-Irland med mål om å etablere ei stabil maktdelingsregjering i Nord-Irland. Avtala blei forhandla fram i samtalar mellom partane i St. Andrews i Skottland 11.–13. oktober 2006. Dei viktigaste konsekvensane av avtala var at Sinn Féin våren 2007 vedtok støtte til den nye nordirske politistyrken (Police Service of Northern Ireland – PSNI), og at Democratic Unionist Party (DUP), som hadde vore mot Langfredagsavtala i 1998, valde å delta fullt ut i institusjonane og gå i regjering med Sinn Féin.
Faktaboks
- Også kjend som
-
St. Andrews-avtala; St. Andrewsavtalen; St. Andrews-avtalen
engelsk: St Andrews Agreement
I tillegg til å identifisere sentrale føresetnader for ei stabil maktdelingsregjering, inneheldt avtala også justeringar av prinsippa for utnemninga av fyrste- og visefyrsteminister, og reglane for arbeidet til ministrane. I tillegg blei ei rad tiltak for å bygge tillit til institusjonane i ulike delar av samfunnet skissert. Sentralt her stod blant anna lovnader om ein kommissær for ofra frå konflikten, utvikling av ei rettigheitserklæring («bill of rights») for Nord-Irland og ei lov som skulle sikre posisjonen til det irske språket i Nord-Irland.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.