Fleirtal er ei grammatisk form – ofte ei bøyingsform – som viser til fleire eksemplar av noko. Nokre eksempel på substantiv i fleirtal er bøker, stolar, kyr og vrangførestillingar.
Faktaboks
- Også kjend som
- pluralis, plural
Fleirtal er ei grammatisk form – ofte ei bøyingsform – som viser til fleire eksemplar av noko. Nokre eksempel på substantiv i fleirtal er bøker, stolar, kyr og vrangførestillingar.
Fleirtal høyrer heime i den grammatiske kastegorien numerus (tal) og blir ofte omtala med det latinske ordet pluralis. Ein brukar forkortinga flt. for fleirtal og pl. for pluralis.
I dei fleste språk står fleirtal i motsetnad til eintal (singularis), slik som i norsk:
I nokre språk, mellom anna norrønt, samiske språk og semittiske språk som arabisk og hebraisk, finst også kategorien total (dualis). Då tyder fleirtal 'fleire enn to'.
Skiljet mellom eintal og fleirtal finst i mange språk også ved verb, for å vise om subjektet står i eintal eller fleirtal.
Engelsk har dette skiljet i presens, og dessutan i preteritum av verbet be:
Norske adjektiv har stort sett forskjellig form i eintal og fleirtal, både i attributiv og predikativ stilling, her illustrert med fin:
Som regel er det slik at eit predikativt adjektiv står i fleirtal når subjektet står i fleirtal, med ei fleirtalsform eller med fleire eintalsformer:
Men det er heller ikkje uvanleg at eit predikativt adjektiv står i fleirtal etter eit subjekt i eintal, dersom subjektet viser til ei gruppe:
Mange språk brukar fleirtal ved tiltale av éin person for å uttrykkje seg høfleg. På nynorsk blir De / Dykk (eigentleg 2. person fleirtal) brukt ved høfleg tiltale til éin person, og på bokmål blir De / Dem (eigentleg 3. person fleirtal) brukt på denne måten.
Svensk (ni / er) og fransk (vous) brukar 2. person fleirtal ved høfleg tiltale, akkurat som nynorsk. Dansk (De / Dem) og tysk (Sie) brukar 3. person fleirtal, som bokmål.
Å bruke fleirtal for å vere høfleg har historisk opphav i pluralis majestatis — bruken av fleirtal ved omtale og tiltale av kongelege. Kongen brukar i offisielle, formelle samanhengar også fleirtal om seg sjølv: Vi Harald, Noregs konge.
I dei fleste tilfelle er det uproblematisk å definere fleirtal som fleire eksemplar av noko, som i eksempla bøker, stolar, kyr og vrangførestillingar øvst i artikkelen, men det finst ord som står på grensa mellom eintal og fleirtal. Norske eksempel på dette er briller og bukser:
«Nye briller» er sannsynlegvis eitt eksemplar av denne innretninga som ein set framfor auga for å sjå betre. Grunnen til at vi likevel brukar ei fleirtalsform, er utan tvil at denne innretninga har to glas. På same vis viser bukser i setning 2 til eitt klesplagg, som blir omtalt med ei fleirtalsform fordi plagget har to bein.
Dette fenomenet er velkjent frå mange språk. Engelsk har til dømes desse substantiva med fleirtalsform og eintal tyding:
Alle desse substantiva viser til ting med to eller fleire like delar, som kan forklare fleirtalsforma. Også det norske substantivet saks er opphavleg ei fleirtalsform. Norrønt hadde inkjekjønnssubstantivet sax, som tydde 'sverd, stor kniv', med fleirtalsforma sǫx, som tydde 'saks'.
Substantiv som berre har fleirtalsform og inga eintalsform, som mellom anna dei engelske orda i lista over, blir tradisjonelt omtalte som pluralia tantum (fleirtal av plurale tantum), latin for 'fleirtal berre'.
Nokre substantiv med fleirtalsform oppfører seg grammatisk som eintalsord, fordi dei viser til noko som kan sjåast på som éin ting. Til dømes oppfører engelsk United States (USA) og the Netherlands (Nederland) seg som eintal, fordi det i begge tilfelle er snakk om eitt land:
Omvendt hender det at eit substantiv med eintalsform oppfører seg grammatisk som fleirtalsord, til dømes fordi det viser til til fleire individ, som norsk politiet og engelsk the police:
I nokre tilfelle førekjem både eintal og fleirtal ved verbet. Eintal uttrykkjer då at ein ser på gruppa som ein heilskap, fleirtal at ein legg vekt på dei enkelte medlemene:
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.