Inflasjon er stigning i det ålmenne prisnivået. Inflasjon er vanlegvis målt som den prosentvise prisstigninga over eitt år. Kor mykje inflasjon det er, er viktig for økonomien til eit land fordi det verkar inn på kjøpekrafta til folk sine inntekter. Når prisane på varer og tenester går opp, får ein kjøpt færre varer for same mengd pengar.
Inflasjon målast som endringa i prisane, ikkje kor høge prisane er i seg sjølv. I Noreg vert prisnivået målt med konsumprisindeksen (KPI). Indeksen skal gi eit bilete av prisen på fleire varegrupper, særleg dei forbrukarane kjøper mykje av.
Det motsette av inflasjon er deflasjon.
Kommentarar (2)
skreiv Mentor Muller
Teksten under det ene bildet: Bildet av "Ungarske pengesedler" er feil.
Det er pengesedler fra Yugoslavia, i hvertfall de øverste på høyre siden- tiden under Slobodan Milosevic. Hvis dere zoomer inn, klarer dere å se fra hvilken land dem tilhørte.
svarte Guro Djupvik
Hei, Mentor.
Takk for betimelig kommentar, du har helt rett. Vi har rettet dette nå, og er glade for gode lesere!
Vennlig hilsen Guro, redaktør
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.