Perfektum partisipp er ei infinitt bøyingsform av verb som viser til noko som skjedde på eit tidlegare tidspunkt. Mer presist viser det til nok som skjedde før fortid, før notid eller før framtid.

Faktaboks

Uttale

perfektum partisipp

Etymologi

av latin perfectum 'gjort ferdig' og participium 'som er med'

I desse eksempla står stolen (perfektum partisipp av stele) som adledd til substantivet bil:

  • Før fortid: Han fann ein stolen bil.
  • Før notid: Han leitar etter ein stolen bil.
  • Før framtid: Dersom vi finn ein stolen bil i morgon, ringjer vi til politiet.

Eit perfektum partisipp kan òg fungere som predikativ:

  • Før fortid: Bilen var stolen.
  • Før notid: Bilen er stolen.
  • Før framtid: I morgon trur eg denne bilen er stolen.

Som eksempla over viser, er transitive verb passive i slike konstruksjonar, i motsetnad til intransitive verb:

  • Ein forsvunnen bil.
  • Bilen er forsvunnen.

Transitive verb blir aktive når dei har hjelpeverbet ha:

  • Før fortid: Han hadde stole bilen.
  • Før notid: Han har stole bilen.
  • Før framtid: Om ikkje lenge har han nok stole bilen att.

Perfektum partisipp i norsk

nynorsk kan perfektum partisipp i hankjønn/hokjønn ubunden eintal ende på

  • -a (kasta)
  • -d (bygd, kravd)
  • -dd (snødd)
  • -t (knust) ved svake verb
  • -en (stolen), -dd (svidd) eller -tt (sett) ved sterke verb

Før Rettskrivingsreforma av 2012 kunne sterke verb også ha endinga -i i staden for -e.

bokmål kan perfektum partisipp i hankjønn/hokjønn ubunden eintal ende på

  • -a / -et (kasta / kastet)
  • -d (bygd, krevd)
  • -dd (snødd)
  • -t (knust) ved svake verb
  • -et (stjålet), -dd (svidd) eller -tt (sett) ved sterke verb

Bøying av perfektum partisipp

Perfektum partisipp blir på nynorsk bøygt i numerus (tal), genus (grammatisk kjønn) og binding (bestemtheit). Her er dette vist med perfektum partisipp av øydeleggje og stele:

  • ein øydelagd bil / ei øydelagd vogn || ein stolen bil / ei stolen vogn
  • eit øydelagt bord || eit stole bord
  • øydelagde bilar/vogner/bord || stolne bilar/vogner/bord
  • det øydelagde bordet / dei øydelagde borda || det stolne bordet / dei stolne borda
  • bilen/vogna er øydelagd || bilen/vogna er stolen
  • bordet er øydelagt || bordet er stole
  • bilane/vognene/borda er øydelagde || bilane/vognene/borda er stolne

bokmål blir perfektum partisipp stort sett berre bøygt i numerus (tal) og binding (bestemtheit), og berre i attributiv stilling, ikkje som predikativ:

  • en ødelagt bil / ei ødelagt vogn || en stjålet/stjålen bil / ei stjålet/stjålen vogn
  • et ødelagt bord / et stjålet bord
  • ødelagte biler/vogner/bord || stjålne biler/vogner/bord
  • det ødelagte bordet / de ødelagte husa || det stjålne bordet / de stjålne borda
  • bilen/vogna er ødelagt || bilen/vogna er stjålet
  • bordet er ødelagt || bordet er stjålet
  • bilene/vognene/borda er ødelagt || bilene/vognene/borda er stjålet

Supinum

Nokre grammatikkar skil mellom perfektum partisipp og supinum, på den måten at den forma som står etter hjelpeverbet ha er supinum, mens andre former blir rekna som perfektum partisipp:

  • Supinum: Han hadde kome hit og stole bilen og øydelagt vindauga.
  • Perfektum partisipp: Den stolne bilen er komen tilbake, men vindauga er øydelagde.

svensk endar supinim av sterke verb på -it (stulit, bundit), mens perfektum partisipp i inkjekjønn, ubunden, eintal endar på -et (stulet, bundet):

  • Supinum: Han har stulit bordet. ('Han har stole bordet'.)
  • Perfektum partisipp: Bordet er stulet. ('Bordet er stole'.)

Verbkonstruksjonar med perfektum partisipp

Når perfektum partisipp er kombinert med ulike hjelpeverb, får vi ein del grammatiske konstruksjonar med eigne namn i norsk grammatikk:

  • preteritum perfektum: hadde stole, hadde kome, var komen
  • presens perfektum: har stole, har kome, er komen
  • futurum perfektum: vil ha stole, vil ha kome, vil vere komen

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Tor-Ivar Krogsæter

Eg saknar her ein eigen del om korleis perfektum partisipp blir danna. Det er for øvrig eit lineskift som ikkje skal vere der i det andre dømet på supinum.

svarte Rolf Theil

Mange takk for kommentaren. Eg skal lage eit avsnitt om korleis perfektum partisipp blir danna i nynorsk og bokmål.
Linjeskiftet finn eg ikkje.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg