Faktaboks

Agnes Buen Garnås
Fødd
23. oktober 1946, Jondalen i Gransherad (nå Kongsberg)
Død
12. november 2024, Notodden
Verke
Kvedar
Familie

Foreldre: Hardingfelespelemann, gardbrukar og oppfinnar Anders Buen (1910–77) og kvedar Margit Tjønn (1912–98).

Gift 19.6.1971 med Per Garnås (1946–), son av gardbrukar Per Garnås og gardbrukar Inger Helene Garnås.

Mor til Per Anders Buen Garnås (1980-)

Søster av Knut Buen (1948–) og Hauk Buen (1933-2021)

Agnes Buen Garnås.
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Agnes Buen Garnås var ein norsk, landskjend kvedar og kulturarbeidar, tradisjonsmedviten og nyskapande på same tid. Som ein av Noregs fremste kvedarar har ho mykje av æra for at gammal vokal folkemusikk har vorte teke vare på og videreutvikla. Med undervisning, konsertar og og innspelingar av folkemusikk gjorde ho kveding kjent.

Buen Garnås utvikla ein personleg syngestil som er rik på ornamentikk, og i songen hennar kan ein høyre hyppige førekomstar av reinstemde intervall, altså tonesprang som ikkje finst i temperert dur-/moll-tonalitet. Denne særeigne stilen blei eit ideal for mange yngre kvedarar, frå ulike delar av landet.

Bakgrunn

Agnes Buen Garnås i forestillingen Draumkvedet, Gamle Aker kirke, 1993

Agnes Buen Garnås i 1993
Av /NTB ※.

Buen Garnås var fødd i Jondalen, i dåverande Gransherad, i noverande Kongsberg kommune. Ho hadde utdanning som kulturarbeidar frå Telemark distriktshøgskole (no Universitetet i Søraust-Noreg).

Buen Garnås hadde kvedingen i familietradisjon på både morssida og farssida. I voksen alder lærte ho mykje av kvedarar frå Telemark, men óg frå andre distrikt. Læremeistrar var mellom andre mora Marit Buen, Aslak Brekke, Margit Gunvaldsjord, Torstein Reiassonstad, Margit Finnekåsa og Brita Bratland.

På 1970-talet vart Buen Garnås ei av drivkreftene bak kvedarkursa på Club 7 saman med mellom andre Dagne Groven Myhren, Hanne Kjersti Buen (Yndestad) og Eli Storbekken.

Som kvedar

Sentralt i repertoaret hennar stod mellomalderballadane. På 1980-talet skulle Buen Garnås stå bak to plateproduksjonar på Kirkelig Kulturverksted med slik musikk, utgivingar som fekk mykje merksemd, og som gjorde henne kjend utanfor folkemusikkrinsar.

Draumkvedet

Draumkvedet frå 1984 var første innspeling av dette visjonsdiktet på 20 år og den første nokon gong der vokalstemma blir følgd av instrumentalmusikk.

I Draumkvedet blir dei 43 versa, som ho framførte etter Magnus Brostrup Landstads Norske folkeviser, akkompagnerte av saksofon og fløyte (Harald Gundhus), hardingfele (Knut Buen), orgel (Kåre Nordstoga) og keltisk harpe (Warren Carlström). Arrangementa var tilskipa av Harald Gundhus med utgangspunkt i dei gamle draumkvede-melodiane, slåttar frå Telemark og nyskrive stoff av Knut Buen. Plata vart heidra med Spellemannprisen. Seinare framførte Buen Garnås Draumkvedet jamleg, både med akkompagnement og solo.

Rosensfole

I 1989 gav Buen Garnås ut plata Rosensfole saman med Jan Garbarek. Materialet på plata er hovudsakleg balladestoff som til dømes Margjit og Targjei Risvollo, Venelite og Bergjekongen og Riddevall og Grisilla. Desse framførte Buen Garnås i utgangspunktet på tradisjonell måte, men balladane blei akkompagnerte av Garbareks nyskrivne arrangement for saksofon, perkusjon og synthesizer. Utgivinga har internasjonal distribusjon gjennom plateselskapet ECM.

Musikk frå Rosensfole har sidan vorte brukt i koreografen Kristina Gjems’ danseframsyning Et sætera: Ho styrde sine skip (Collage dansekompani, 1992). Buen Garnås hadde fleire turnear saman med Garbarek og Mari Boine nasjonalt og internasjonalt, mellom anna med konsertar i London. Ho medverka også på Garbarek-plata Twelve moons (1992).

Seinare prosjekt

Buen Garnås gav ei rekkje konsertar og deltok på mange festivalar både i Noreg og i utlandet. Sjølv om ho først og fremst formidla den tradisjonelle, solistiske kvedinga, samarbeidde ho òg med ei rekkje musikarar om ulike typar av nyskapande prosjekt.

Saman med broren Knut Buen stod Buen Garnås bak Tusseliten og Trippeliti: Norsk barnetradisjon i leik, song og soge, eit prosjekt med folkemusikk for born, som er utgitt både som CD og notehefte (1990). Plata inneheld 43 sullar, viser, regler og forteljingar. Dei to ga vidare ut Stev og slått (1996), ei plateutgiving som også inneheld utfyllande tekstmateriale. I tillegg var ho medmusikar på ei rekkje av brorens plateprosjekt sidan 1970-talet.

Saman med Sinikka Langeland, Halvor Håkanes, Eli Storbekken og Anne Marit Jacobsen turnerte Buen Garnås i 1995 med framsyninga Det syng: Ballader på vandring. Dette prosjektet om nordiske balladar og folketonars vandring over landegrensene resulterte i ei plateutgiving med same tittel i 1997.

I 2002 gav ho ut ei plate med Magnus Brostrup Landstads folkeviser og salmar, Han rider den mørke natt, der den danske perkusjonisten Marilyn Mazur er mellom medmusikarane. Same år kom plata Soltreet, ei samling med nyare og eldre opptak, som dels hadde vore utgitt på kassett tidlegare.

Anna verksemd

Gjennom heile karrieren sin hadde ho ei omfattande kurs- og seminarverksemd, og ho var hovudlærar i kveding ved Ole Bull Akademiet frå 1990. Ho var medredaktør for bøkene Ei vise vil eg kveda! (1978) og 54 viser og stev frå Telemark (1984), med nedskrifter av Ludvig M. Lindeman, Sophus Bugge og Olea Crøger. I artikkelen Kvedarskogen har runne på ny i 70-åra vert den nye situasjonen for kvedinga i 1970-åra presentert, medan prosjektoppgåva Fra profesjonell til amatør inneheld ein gjennomgang av honoreringspraksisen innan folkemusikken frå eldre tider og fram til i dag.

I tillegg til ei rekkje organisatoriske verv tok ho i 2002 initiativet til skipinga av Norsk Kvedarforum.

Utmerkingar

Buen Garnås deltok på mange kappleikar og vant kvedarklassen under landskappleiken heile seks gonger i åra 1965–1973. Ho vann òg klassen for nyskaping to gonger.

Til dei viktigaste utmerkingane hennar høyrer Lindemanprisen (1989), Osaprisen (1994) og Norsk kulturråds ærespris (2005). Ho vann også Sagaprisen to gonger. Ho vart i 2002 tildelt Kongens fortenestemedalje i gull for arbeidet sitt som utøvar og kulturarbeidar og som formidlar av den vokale folkemusikken innanfor norsk musikkultur.

Utgjevingar

Publikasjoner

  • Ei vise vil eg kveda (sm.m. D. G. Myhren og H. K. Buen), 1978
  • «Kvedarskogen har runne på ny i 70-åra», i Årbok for Telemark, 1980, s. 115–137
  • 54 viser og stev fra Øst-Telemark (red.), 1984
  • Fra profesjonell til amatør (prosjektoppg. Telemark distriktshøgskole, sm.m. K. W. Brennesvik), 1984

Innspelingar

  • Draumkvedet, 1984 (CD 1992)
  • Rosensfole, 1989
  • Tusseliten og Trippeliti. Norsk barnetradisjon i leik, song og soge (med hefte), 1989/1990
  • Stev og slått, 1996

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • H. Kaasa (red.): Spel og dans. Folkemusikk og dans i Telemark, Bø 1988
  • A. Bjørkum m.fl. (red.): Folkemusikk og folkemusikkutøvarar i Norge, 1996, bd. 2

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg