Bolkesjø er ein innsjø og ei grend i Notodden kommune, Telemark fylke, ved riksveg 37 i Gransherad, 20 kilometer nord for Notodden. Frå Bolkesjø er det vakker utsikt mot Gausta, Lifjell og sørdelen av Blefjell.
Her låg det tradisjonsrike Bolkesjø turisthotell. Hotellet har ei historie som går tilbake til 1881. Drifta vart avvikla i 2011.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.