Sjukdomsbiletet i den norske befolkninga ber i dag preg av samansette og kroniske sjukdommar og plagar. Dette kjem mellom anna av at folk blir eldre enn før. I levekårsundersøkinga i 1991 svara halvparten av den vaksne befolkninga ja på spørsmålet om dei hadde langvarig sjukdom. Omkring ein femdel sa at dei har sjukdommar som verkar inn på kvardagen i betydeleg grad. Langt fleire kvinner enn menn anga å ha slik sjukdom, og blant kvinner over 67 år hadde fire av ti sjukdommar med betydeleg konsekvensar for kvardagen.
Ved levekårsundersøkinga i 2002 svara over halvparten av dei vaksne som vart spurde, at dei hadde éi eller annan form for helsesvikt eller plage. Heile 80 prosent av dei spurde sa likevel at dei hadde god helse, og fire av fem med helseplager synest at dei hadde eit godt liv. Resultata frå levekårsundersøkinga i 2002 tydde på at dei som bur åleine, vurderer si eiga helse som dårlegare enn dei som bur saman med nokon.
I dag (2025) rapporterer befolkninga gjennomgåande høg subjektiv livskvalitet; i 2024 låg gjennomsnittleg tilfredsheit nær 7 på ein skala frå 0 til 10, med små endringar for vaksne over tid. Samstundes hadde unge ei tydeleg nedgang i tilfredsheit i perioden 2009–2019, etterfølgd av ein auke etter 2020; i 2024 var betringa særleg tydeleg i aldersgruppa 18–24 år, medan nivåa elles er meir stabile. Sjølvrapportert helse har over lang tid lege på eit stabilt og høgt nivå i befolkninga, med små endringar mellom aldersgrupper. Likeins kan resultata tyde på at menneske med sjukdom og funksjonsnedsetjingar i dag synest dei hadde det noko betre enn før.
Forskjellar består: lågare livskvalitet og eigenvurdert helse er vanlegare blant grupper med låg inntekt, låg utdanning og fleire levekårsutfordringar. Blant ungdom er auken i rapporterte psykiske plager eit vedvarande trekk, sjølv om tilfredsheita med livet i same periode har betra seg noko.
Kroppslege sjukdommar
Muskel- og skjelettlidingar er den mest utbreidde gruppa av dei kroniske plagene. Kvar tredje nye uførepensjonist har sjukdom i muskel- og skjelettsystemet, og slik sjukdom er hovuddiagnose ved halvparten av langtidssjukmeldingane.
Astma, allergi og hudsjukdom er utbreidde, og førekomsten av astma hjå born har auka dei siste åra. Fem til ti prosent av norske skuleborn har, eller har hatt, astma.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.