Abies alba, vanleg edelgran også kalla europaedelgran. Foto frå: Hobro, Jylland, Danmark

Edelgranartane blir brukt ein del til juletre og det blir kvart år planta ein del til dette formålet.
Plantefelt for juletrær.
Edelgran kan utvikle seg til store tre, maksimal biologisk alder er heilt opp mot 500 år.

Edelgranslekta er ei slekt i furufamilien med 40–48 artar i Asia, Europa, Nord-Afrika og Amerika. Ingen av desse bartrea veks opprinneleg vilt i Noreg, men mange artar blir planta og finst av og til forvilla. Trea har flate nåler og opprette frøkongler som mistar skjela når dei modnar. Dei fleste artane er vakre og dekorative, og ei rekkje av dei blir planta i hagar og parkar. Baret av mange artar har stor bruk som pyntegrønt fordi det ikkje så lett mistar nålene.

Faktaboks

Uttale

edelgran

Beskriven av
Philip Miller

Artar

Den mellom- og sør-europeiske arten Abies alba blir kalla edelgran, vanlig edelgran eller europaedelgran. Andre artar i Sør-Europa er gresk edelgran, Abies cephalonica, og spaniaedelgran, Abies pinsapo. Den siste finst også i Nord-Afrika.

Frå Nord-Amerika stammar:

Frå Kaukasus stammar nordmannsedelgran, Abies nordmanniana.

Frå Sibir stammar sibiredelgran, Abies sibirica.

Frå Japan stammar:

  • veitchedelgran, Abies veitchii
  • nikkoedelgran, Abies homolepis
  • marieseedelgran, Abies mariesii
  • sakhalinedelgran, Abies sachalinensis (finst også i dei austlegaste delane av asiatisk Russland)

Frå Korea stammar koreaedelgran, Abies koreana.

Bruk som pyntegrønt

Dei artane som blir mest brukte til pyntegrønt er purpuredelgran, gresk edelgran, nikkoedelgran, koreaedelgran, nordmannsedelgran, nobeledelgran, fraseredelgran og veitchedelgran.

Status i framandartslista

I framandartslista til Artsdatabanken har dei edelgranartane som er planta i Noreg hamna i ulike klassar.

Ingen kjend risiko

Praktedelgran og mariesiedelgran har ingen kjent risiko (kategori NK).

Låg risiko

Purpuredelgran, gresk edelgran, koreaedelgran, sakhalinedelgran, sibiredelgran og veitchedelgran har låg risiko (LO).

Potensielt høg risiko

Balsamedelgran, kjempeedelgran, nordmannsedelgran og nobeledelgran har potensielt høg risiko (PH).

Høg risiko

Koloradoedelgran og fjelledelgran har høg risiko (HI).

Ikkje vurdert

Vanleg edelgran er ikkje vurdert (kategori NR), då arten kom til Noreg før år 1800, men han kan representere eit problem fleire stader i Sør-Noreg. Han invaderer mellom anna naturreservat med edellauvskog og kan der skugge ut og fortrenge artar som er naturleg heimehøyrande i den verna vegetasjonen. Nikkoedelgran og fraseredelgran er heller ikkje vurdert.

Volum og tilvekst av edelgranartar i Noreg

Landsskogtakseringa har berekna samla kubikkmasse og tilvekst for edelgranartar (Abies spp.) på produktiv skogsmark i Noreg. Berekninga viser ein kubikkmasse på 1 128 881 kubikkmeter i hogstklassane II-V på produktiv skogsmark. Produktiv skogsmark er areal der det kan drivast økonomisk skogbruk. Areal under og inntil kraftlinjer, verneområde med meir er altså ikkje med i dette omgrepet. Produktive areal i skogbrukssamanheng er område som produserer minst 0,1 kubikkmeter trevirke per dekar (1000 kvadratmeter). Samla tilvekst for edelgranartar i heile landet er berekna til 60 047 kubikkmeter for dei same hogstklassane.

Systematikk

Nivå Vitskapleg namn Norsk namn
Rike Plantae planteriket
Rekke Pinophyta nakenfrøete planter, nakenfrøingar
Klasse Pinopsida bartrær
Orden Pinales furuordenen
Familie Pinaceae furufamilien
Slekt Abies edelgranslekta

Systematikken følgjer Artsdatabankens inndeling (2024).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Faktaboks

Artsdatabanken-ID
103792
GBIF-ID
2684876

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg